Svanøy Hovedgård er ei oppleving i seg sjølv. Med sine ærverdige bygninga er dette ein stad der du kan finne roen, kjenne historia i veggane og nyte lokalprodusert mat frå øya og havet rundt.
Kor ligg Svanøy Hovedgård?
Svanøy Hovedgård ligg på øya Svanøy, like sør for kystbyen Florø. Øya er kjend for si rike kulturarv og historie.
Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Her kan du vandre i Eirik Blodøks sine fotspor, høyre forteljingar om tida som adelssete og om driftige haugianarar. Du får óg høve til å nyte måltid i den historiske spisestova, med handmåla tapetar og utsikt mot hagen og bukta nedanfor - slik aldesmenn og haugjenarar gjorde i si tid.
Svanøy Hovedgård som kulturelt knutepunkt
I tillegg til si sterke historie, tilbyr Svanøy på eit mangfald av kulturelle aktivitetar og opplevingar. Øya er kjend for sine festivalar, konsertar og kunstutstillingar som tiltrekk seg både lokalbefolkning og besøkande. Her finn du ein oversikt over arrangement på Svanøy
Øya har også lenge vore eit senter for hjorteforvalting gjennom Norsk Hjortesenter. Her kan besøkande lære om hjortens si betydning for regionen.
Det rike kulturlivet på Svanøy gir deg ein unik moglegheit til å oppleve kystkulturens sjarm og tradisjonar, i ei atmosfære som kombinerer historie, natur og levande kultur.
Kystpilegrimsleia
Svanøy Hovedgård er ein nøkkelstad i Kystpilegrimsleia, den historiske ferdselsåra som følgjer kysten frå Egersund til Trondheim. Langs leia finn ein kyrkjestader, handelsplassar og kulturminne som i hundreår har vore viktige stopp for reisande.