Hopp til hovedinnhold
Bestill

Velkomen til Fanøy Island Lodge. Her finn du overnatting i triveleg og luftige sjølvhushald leiligheter med høg standard og eiga balkong. Kvar leilighet har sitt eige særpreg, og har fått namn etter omkringliggande holmar og fjell. Dei er godt utstyrt med det du treng for eit flott opphald, med alt i frå koseleg sittehjørne med vedomn for dei kalde dagane, til eit godt utstyrt kjøkken.

Leilighetene ligg rundt ein koseleg gardsplass med terrasse og bålplass, kor gjestane kan samles. Uteområdet fortsetter ned mot vatne, og Fanøy Island Lodge si private brygge. Denne ligg roleg i ein vik, godt egna for bading, fiske og vannsport.

Firmaturar / gruppe

Konferanse, teambuilding eller andre gruppeaktivitetar? Norway Adventures har 15 års erfaring med å gje gjestane autentisk og unike opplevingar. På Fanøy Island Lodge er det plass til inntil 29 personar i fellesrom, eit profesjonelt kjøkken med stor spiseplass, eiga grillhus og utefasilitetar på ein privat og nydeleg beliggenhet ute i havgapet. Ta kontakt for eit godt tilbod.

Om Fanøy

Fanøy Island Lodge ligg på ville og vakre Fanøy, ei lita fergetur frå Florø. Her har du storhavet som nærmaste nabo

Nyt rolege dagar på terrassen eller på brygga som ligg på sin eiga private vik. Padle rundt dei smale sunda i nærområdet og fisk frå svaberget. Du kan også dra ut på eventyr med Fanøy Island Lodge som base.

Området er rikt på naturopplevingar, og Fanøy har eit nettverk med turistiar som er godt egna for å oppdage. For dei som likar å gå fjelltur finn du fleire egna fjell i Florabassenget. Det er enkelt å navigere seg mellom øyane ved å enten leige seg ein båt, eller å bruke skyssbåten. Store Batalden er kanskje det mest kjente av turmåla i området, men du har også eksempelvis Blåkollen og Lille Batalden.

Korleis kjem eg meg til Fanøy?

Nærmaste by og senter for kollektiv transport til Fanøy er Florø. Frå Florø er det fleire måtar å komme seg til Fanøy på. Du kan enten vere med den lokale skyssbåten som går i rute i Florabassenget, eller kan du ta taxibåt eller eige båt. Du kan reise til Florø med både fly, bil, buss og båt. Kjem du med eige båt er det gjestehamn i Søre Fanøyvåg, ikkje langt unna fergekaia.

Frå fergeterminalen (Fugleskjærskaia) i Florø går det fleire avgangar dagleg til Fanøy. Informasjon om ruter og rutetider på ferge finn du på heimesiden til fergeselskapet. Vær oppmerksam på at på nokon av avgangane (spesielt på returavgang på onsdagar) må du bestille billett på førehand.

Norway Adventures - Sunnmøre

Se alle tilbudene til Norway Adventures - Sunnmøre

Kontakt

Adresse:
  • Kvernhusvågen 24
  • 6917
Telefon:
+47 57 62 41 70
E-post:
info@fanoyislandlodge.no
Nettside:
fanoyislandlodge.no/

Fasiliteter

Oppvaskmaskin:
Vaskerom:
Fiskemuligheter:
Utendørs sitteplasser:
Barnevennlig:
WIFI/Internett:
Parkering:
TV:
Kjøkken:

Hvor er Fanøy Island Lodge?