Hopp til hovedinnhold

Det er lett å reise sjøvegen til FjordKysten og Sunnfjord – og når du først har kome fram, ventar ei rekke spennande opplevingar og stadar å utforske! Mange av båt- og ferjerutene har bussar som korresponderer, slik at du enkelt kjem deg vidare til ditt reisemål utan stress.

Du finn oversikt over rutetider for båt, buss og ferje på entur.no, som gjer det enkelt å planlegge heile reisa di på eitt og same stad.

OBS: I høgsesongen og i helgane kan det vere stor pågang, spesielt på ettermiddagen. Vi anbefaler å vere ute i god tid og å vere budd på at det kan bli ventetid på ferjene og ekspressbåtane.

Ekspressbåt og buss
Ofte korresponderar buss med båt- og ferjerutene|© Visit FjordKysten

Hurtigbåt til og frå Bergen

Å reise med hurtigbåten langs kysten er ein komfortabel måte å reise gjennom det vakre kyst- og fjordlandskapet. Måndag - fredag går det hurtigbåt til og frå Bergen 2 gongar dagleg. Laurdag og søndag går båten ein gong dagleg. Båten har følgjande stopp:

For informasjon om billettar og rutetider, sjå norled.no

Lokalbåt- og ferjeruter

Lokalbåtar og ferjer går langs FjordKysten og Sunnfjord til byar, tettstader - og til store og små øyer. Du kan enkelt kjøpe billett om bord i fartøyet. Enkelte av stoppa er "stjernestopp" som betyr at dei må tingast på førehand. Sjå entur.no eller ring Visit FjordKysten og Sunnfjord på 577 43 000 for meir informasjon. Ein båttur er ein ypparleg moglegheit til å ta ein kvil i bakken medan du nyter det vakre landskapet som glir forbi.

Gratis ferje

Fleire av strekningane i FjordKysten og Sunnfjord er gratis, det vil sei at du og din framkomstmiddel, om det er bil, bubil eller buss reiser gratis mellom desse strekningane:

  • Rutledal - Rysjedalsvika - Losna - Krakhella
  • Askvoll - Fure - Værlandet
  • Askvoll - Gjervik - Fure - Askvoll
  • Daløy - Haldorsneset

Lokalbåtar og ferjer kan frakte deg desse strekkene:

Kinn

Florø - Veiesund - Askrova - Stavang - Svanøy
Florø - Batalden - Rognaldsvåg - Kinn (kveldsruter)
Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg - Kinn
Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy
Florø - Rognaldsvåg - Kinn
Måløy - Smørhamn - Florø (Kystvegekspressen)

For informasjon om båtrutene i Florabassenget, sjå skyss.no


Oldeide-Måløy
Stårheim-Isane

Solund

Hurtigbåt

Eivindvik - Mjømna - Mastrevik - Nåra
Gulen -Ytre Solund
Gåsvær - Midtre Solund - Hardbakke
Hardbakke - Nåra - Mjømna
Hardbakke - Kolgrov - Utvær
Saltskår - Hersvik

Ferje

Daløy-Haldorsneset
Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella - OBS! I høgsesongen og i helgene bør du vere merksamd på at det kan vere mykje trafikk på ferga om ettermiddagen.

Askvoll

Ferje

Askvoll-Fure-Værlandet
Askvoll-Gjervik-Fure-Askvoll

Ferje på veg frå øysamfunnet Værlandet og Bulandet. Sett frå Alden
© Lillian Herland

Reis Betre

Visit FjordKysten og Sunnfjord har ei heilskapleg tilnærming til gode opplevingar. Vi trur på naturen - og vi trur på folket!

Finn ut mer

Bli inspirert til reisa di