Bestill

Hov Hyttegrend ligg ved inngangen til Fosseheimen i Sunnfjord. Hyttegrenda er lokalisert midt i vakre Fjord Norge. Herifrå er det er kort avstand til bre og fjord, og det verna Gaularvassdraget brusar tett forbi med mektige fossar, stryk og idylliske vatn. Området har rikeleg med fisk (aure), skogsbær og sopp.

Fossestien går rett forbi Hov Hyttegrend, dette er ein 21 km lang vandreveg som går langs det verna Gaularvassdraget. Du kan starte vandringa der du vil. Fire stadar er tilrettelagde med skilt, kart og parkeringsplassar. Dagleg ransportservice langs Fossestien av Hov Hyttegrend kl. 10:00.  

Servicebygget har resepsjon, kiosk, telefon, oppvaskkjøkken, toalett, dusjar og vaskerom.

Det er oppstillingsplass for 15-20 bubilar/campingvogner og 20 straumuttak.

    Kontakt

    Adresse:
    • 6978 VIKSDALEN
    Telefon:
    +47 57 71 79 37
    E-post:
    ottar.hov@online.no
    Nettside:
    www.hovhyttegrend.no

    Hvor er Hov Hyttegrend?