Hopp til hovedinnhold

Kun 1,5 time med båt og rett i overkant av 2 timar med bil frå Bergen kan du dra tilbake og bu i ei historisk tid. Eit brev frå 1641 er det eldste beviset på at det har vert gjestgiveri på Skjerjehamn. I den gamle sveitservillaen har tida nesten stått stille, sjølv om villaen har blitt modernisert til dagens standard, er framleis den gamle stilen ivaretatt. La kvilepulsen inntreffe og la kreativiteten strømme. 

Hurtigbåt frå Bergen eller Selje

Den enklaste og finaste måten å komme seg til Skjerjehamn på er med ekspressbåten frå Bergen eller Selje. Denne har to daglege avgangar. Turen går gjennom tronge sund og smale kanaler og er ei oppleving i seg sjølv. 

Kong Olav V ønskjer deg velkomen når du kjem til Skjerjehamn. 

Skjerjehamn

Handelsstaden ved havet Skjerjehamn ligg ved innløpet av Sognefjorden - verdas lengste fjord. Her har havet danna livsgrunnlaget til Skjerjehamn i tusener av år. Skjerjehamn har vert eit viktig knutepunkt for fiske, handel og industri, og på begynnelsen av 1900-talet var det ein av dei største hamnene på Vestlandet. I dag finn du opplevingar for både turistar og lokale gjestar gjennom aktivitetar, arrangement og lokale matopplevingar. 

Restaurant

Nyt ein betre middag med fokus på lokal og kortreist mat. Her finn du eigenrøkt ørret eller kalv frå den lokale gården. Til maten passar det godt med lokalbrygga øl eller anna god drikke. Restauranten kan dekke til 110 personar, og Steenkjellaren kan dekke til 35 personar. 

Skjenkestova

Skjenkestova eller stovene i Sveitservillaen kan brukast som stemningsfylt samlingslokale kvar du kan få serverert eigenrøkt ørret, spekemat og lokalbrygga øl. 

Overnatting

Bu i sveitservillaen eller i pakkhuset på bryggekanten Ingen av romma har TV eller minibar. Her skal du få kople ut og bestemme tempoet sjølv. Bygningane er nyrestaurerte, men med sin opprinnelege karakter frå 1800-talet. I Sveitservillaen er det totalt 18 enkle og doble rom. I Pakkhuset er det 5 leiligheiter med plass til 7-8 personar. Det er totalt 73 sengeplassar. 

All overnatting er inkludert frukost.

Pris:

Enkeltrom 1600,-

Dobbeltrom 2100,-

Suite 2400,-

Leilighet 1-4 pers 2500,-

Leilighet 4-8 pers 3300,-

Leilighetene tar 8 personar

Aktivitetar

Ønskjer du å utforske området rundt Skjerjehamn i ditt eige tempo kan du leige syklar.

Viss du ikkje er redd for å få deg noko utfrivillig bad kan du utfordre deg sjølv til å teste eit SUP brett. Ein artig aktivitet for både store og små

Om du ikkje ønskjer ein dukkert, men framleis vil ut på sjøen kan vi tilby ein fisketur med skuta Sogneoksen.

Søker du fart, spenning og adrenalin har Skjerjehamn daglege avgangar med RIB-båten Firda Explorer ut til Firda Seafood sine oppdrettsanlegg. Du vil få guida opplegg med både føredrag om korleis Firda Seafood driv oppdrett i dag, og besøk på merdkanten med mating av ørret.

Kurs og konferanse

Skjerjehamn kan skreddarsy pakkar etter ønskje og behov. Møteromma har ein kapasitet på 20 personar, medan kinosalen har plass til 30 personar. Romma har alt av teknisk utstyr, så her ligg alt til rette for ein god og produktiv samling. 

 

  • Trip Advisor logo

Tider

Hotellet er ope heile året

Ukedager:
00:00–00:00
Lørdag:
00:00–00:00
Søndag:
00:00–00:00

Opningstider restaurant

Ukedager:
17:00–21:00
Lørdag:
14:00–20:00
Søndag:
14:00–19:00

Kontakt

Adresse:
  • Skjerjehamn
  • 5977 Ånneland
Telefon:
954 22 033
E-post:
post@skjerjehamn.no
Nettside:
www.skjerjehamn.no

Fasiliteter

Utendørs fasiliteter:
Gjestehavn:
Restaurant:
Frokost:
Konferansefasiliteter:
WIFI/Internett:
Parkering:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Skjerjehamn hotell?