Hopp til hovedinnhold

Byrknes Ocean Resort er eit nytt hotell og opplevingsresort på Byrknesøy i Gulen, med havet som næraste nabo. Resorten opnar i slutten av september 2027 og får 77 rom, restaurant, spa, aktivitetar og fasilitetar for bryllaup, selskap, møte og konferansar.

Her kan du vakne til utsikt over havet, nyte gode måltid, finne roa i spaet og fylle dagane med aktivitetar og opplevingar langs kysten. Enten du kjem for å slappe av, oppleve noko nytt eller samle menneske du set pris på, ligg alt til rette for gode dagar på Byrknes.

Restaurant og matopplevingar

Mat blir ein viktig del av opplevinga på Byrknes Ocean Resort. Christopher Haatuft står bak restaurantkonseptet, med eit kjøkken inspirert av området, sesongane og råvarene som finst rundt oss.

Nærleiken til havet og gode råvarer frå lokale produsentar skal vere med på å forme menyen. Målet er at maten skal fortelje noko om staden du har reist til, og gi deg ein smak av Byrknes og kysten rundt oss.

Restauranten blir ein stad for både hotellgjestar, lokale og andre som tek turen til Byrknes for eit godt måltid. Her skal god mat kunne nytast i avslappa omgjevnader, med utsikt mot landskapet og sjøen utanfor.

Spa og velvære

I spa- og velværeavdelinga kan du finne roa med havet rett utanfor. Nyt varmen inne medan vinden og bølgjene viser kreftene sine langs kysten, eller sjå sola spegle seg i sjøen på stille dagar. Her blir utsikta, vêret og naturen ein del av spaopplevinga.

Det skal vere ein stad for å kople av, ha tid saman og nyte kontrasten mellom naturen utanfor og roa inne.

Aktivitetar og opplevingar

Byrknesøy er omgitt av øyar, holmar og ope hav, og gir eit flott utgangspunkt for aktivitetar og opplevingar både på sjøen og på land.
Her kan du utforske øyriket, kome tett på naturen og bli betre kjent med livet langs kysten. Du vel sjølv om dagane skal fyllast med aktivitet, eller om du helst vil ta det roleg og nyte omgjevnadene.

Landskapet endrar karakter med vêret og årstidene. Lange, lyse sommardagar og stille sjø gir éi oppleving, medan vind, bølgjer og skiftande vêr viser ei heilt anna side av kysten.

Bryllaup og selskap

Med havet som bakteppe blir Byrknes Ocean Resort ei flott ramme rundt dei store anledningane. Her blir det lagt til rette for bryllaup, jubileum, selskap og andre feiringar, med restaurant, selskapslokale og overnatting samla på éin stad.

Her kan familie og vener samlast og gjere meir ut av anledninga enn berre sjølve dagen. Med gjestene buande på hotellet kan ein få tid saman både før, under og etter feiringa.

Møte, konferansar og samlingar

Byrknes Ocean Resort får gode fasilitetar for møte, konferansar og samlingar. Her kan bedrifter kombinere det faglege med restaurantbesøk, aktivitetar og tid saman utanfor møterommet.

Å samlast litt utanfor dei vanlege rammene gir rom for gode samtalar og nye idear. Når arbeidsdagen er over, er vegen kort til middag, spa eller ei felles oppleving ute.

Byrknes Ocean Resort gler seg til å ynskje deg velkomen til Byrknesøy.

Tider

september 2027

30. september, 2027

Opnar hausten 2027...

Kontakt

Adresse:
  • Nedgardsvika 28
  • 5970 Byrknesøy
Telefon:
+47 93 46 36 22
E-post:
booking@byrknesresort.no
Nettside:
byrknesresort.no/

Fasiliteter

Treningsrom:
Konferansefasiliteter:
Badstu:
Svømmebasseng:
Gjestehavn:
Ladepunkt for elbil:
SPA:
Utendørs fasiliteter:
Frokost:
Restaurant:
Resepsjon:
Barnevennlig:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
WIFI/Internett:
TV:
Parkering:
Bagasjeoppbevaring:
24 t resepsjon:

Hvor er Byrknes Ocean Resort