Hopp til hovedinnhold

Feriebustadar i Lifjorden ved Sognefjorden

Hatlems Hytter ligg vakkert til på Risnes i Lifjorden, ein sidearm til den majestetiske Sognefjorden. Her finn du eit breitt utval av hytter og feriebustadar i ulike storleikar og standardar, som eignar seg godt som base for opplevingar på fjord og i fjell.

Enten du ønskjer ei nøktern og tradisjonell tømmerhytte, ei moderne leilegheit eller noko midt imellom, tilbyr Hatlems Hytter feriebustadar for ulike behov – både for familiar, vennegjengar og par.

Beliggenheit og tilkomst

Hyttene er fordelte mellom fastlandet og Risnesøyna. Fem hytter ligg på fastlandet, medan tre hytter er plasserte på Risnesøyna og har tilkomst med båt.
Alle hyttegjester har moglegheit til å leige båt i storleik 16–22 fot, tilpassa både fiske og transport. Båtane har anten dieselmotor eller påhengsmotor.

Om hyttene

BUA

Ei koseleg loftsleilegheit i sjøbu med stove og kjøkkenkrok, to soverom og bad med dusj og toalett. Eige opphaldsrom med langbord i maritim stil. Balkong og parkering ved bua.

NAUSTET

Leilegheit i 2. etasje av båtnaust, heilt i strandlinja. Inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, bad, gang og yttergang med stor fryseboks. Lun og solrik terrasse. Parkering ca. 30 meter unna.

NYE EKRENE

Hytte med flott utsikt mot sjøen, stove med kjøkkenkrok, to soverom, lite bad og stor hems. Solrik terrasse og parkering ved hytta.

SILDA

Tradisjonelt tømmerhus idyllisk plassert i Sildevika på Risnesøyna. Hytta har vedfyring, blåmåla tømmerveggar og utsikt mot sjøen og Lihesten. Stove, kjøkken, to soverom og bad med dusj. Innlagt straum og vatn, utedo og eigen kai med gode fiskemoglegheiter.

STABBURET

Historisk tømmerhytte frå 1760, flytta til Risnesøyna i 1970 og bevart i opphavleg stil. Hytta ligg idyllisk ved innløpet til Lifjorden, der Risnesstraumen renn forbi. Stove, soverom og lite kjøkken. Kun kaldt vatn, vedfyring og utedo. Passar godt for deg som ønskjer ei enkel og natur­nær oppleving.

EKREHYTTA

Hytte på fastlandet, heilt i strandlinja med eigen kai. Stove med kjøkkenkrok, to soverom, bad og stor hems. Solrik terrasse med sjøutsikt og parkering ved hytta.

BRISLING

Hytte på Risnesøyna med panoramautsikt mot Tollesundet og Lihesten. Stove med kjøkkenkrok, to soverom, lite bad og stor hems. Toalett og vedbod i eige bygg. Dusj og vaskemaskin på fastlandet. Lun terrasse.

Kontakt

Adresse:
  • Lifjordvegen 805
  • 6957 Hyllestad
Telefon:
+47 95 25 39 43
E-post:
oddvar.hatlem@online.no
Nettside:
hatlemshytter.no/

Fasiliteter

Båt til utlån/utleie:
Parkering:
Kjøkken:
Oppvaskmaskin:
Vaskerom:
Utendørs sitteplasser:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Hatlems Hytter