Hopp til hovedinnhold
Bestill

Velkomen til Kulleseidkanalen gjestehamn

Legg til med båt – eller kom med bubil – og opplev stemninga ved Kulleseidkanalen på Bømlo. Her kan du kopla deg til, kopla av og nyta dagen i rolege omgjevnader. Vertskapet står klare til å ta imot deg med varme og gjestfridom, slik at du og dine kan senka skuldrene og fylla på med gode opplevingar.

Hotellhytter

For deg som vil bli over natta, finst det 17 koselege hotellhytter – for to personar, med høve til fire i nokre av dei.

Mat og stemning

I restauranten får du servert tradisjonsmat frå Vestlandet, i tillegg til lette måltid og ferske smakar frå havet. Nyt maten ute på kaien med utsikt mot kanalen, eller inne i det stemningsfulle, nyrenoverte grindabygget.

Arrangement og selskap

Skal du arrangere selskap, jubileum eller kanskje gifta deg? Kulleseidkanalen Gjestehamn tilbyr eit unikt lokale med sjel og atmosfære. Dei legg til rette for både store og små hendingar, i vakre omgjevnader midt i hjartet av Kulleseidkanalen. Ta kontakt, så skreddarsyr dei opplegget til di hending.

Praktisk informasjon

650 meter til bunkring ved Finnås Marina – her kan du fylla diesel eller bensin, handle båt- og fiskeutstyr, få båtservice m.m.
300 meter til butikk med apotekutsal og bensinstasjon/bilverkstad.

Sett kursen mot 59°44'32.1″N 5°14'06.9″E – og opplev den ekte kyststemninga i Kulleseidkanalen Gjestehamn.

Kontakt Kulleseidkanalen Gjestehamn for meir informasjon om opningtider, og sjå også Facebook-sida deira for oppdateringar.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Tider

juni 2026

17. juni

Priser

Hamneleige for båt 0-39 fot:
NOK 400
Hamneleige for båt 40-49 fot:
NOK 450
Hamneleige for båt 50-59 fot:
NOK 600
Hamneleige for båt over 60 fot:
NOK 750

Kontakt

Adresse:
  • Kanalvegen 24
  • 5437 FINNÅS
Telefon:
+47 53 42 11 00
E-post:
post@kulleseidkanalen.no
Nettside:
www.kulleseidkanalen-gjestehamn.no/

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Vaskerom:
Strøm:
Sanitæranlegg:
Restaurant:
Kafé:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Kulleseidkanalen Gjestehamn