Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

7 dagar frå fjord til hav – ei vandring gjennom Sunnhordland

Sommar,vår og haust
Sist oppdatert: 27.03.2026
Kvinne kviler på på tursekk etter trugetur og nyter solen på fjelltopp innerst i fjord av Sunnhordland.
I Sunnhordland finn du eit variert landskap med mange moglegheiter!|© Susanne Byre
I Sunnhordland finn du eit variert landskap med mange moglegheiter!|© Susanne Byre

Ein foss, ein bre og sju toppar på sju dagar. Opplev Sunnhordland frå fjord til ope hav.

Du startar ved ein av dei mest kjende fossane på Vestlandet. Nokre dagar seinare står du på ein bre. Deretter bevegar du deg ut mot øyar og ope hav.

Denne reiseruta tek deg gjennom Sunnhordland frå aust til vest – med korte avstandar, store kontrastar og sju turar som viser ulike sider av landskapet.

Slik reiser du

Du kan starte turen frå fleire kantar:

  • Oslo: via E134 over Haukelifjell til Åkrafjorden og Langfoss (ca. 6–7 timar)
  • Bergen: via E39 og ferje til Åkrafjorden og langfoss (ca. 3–4 timar)
  • Haugesund: via E134 til Åkrafjorden og Langfoss (ca. 1,5–2 timar)

Ruta går vidare:
Langfoss → Jondal/Folgefonna → Rosendal → Tysnes → Stord → Bømlo

Dette er ei kjør sjølv-rute

Dag 1: Langfoss – tett på naturkreftene

Tid: 4 timar t/r
Vanskegrad: Middels krevende fottur
Stad: Åkrafjorden

Langfoss stuper rett ned i fjorden, og du her kjem du tett naturkreftene. Dette er eit av dei mest markante fossefalla i Vestland og ein god start på reisa. Deler av ruta er lagt med sherpatrapper.

Overnatting:


Bu tett på naturen ved Fivelandshyttene, eller vel eit roleg opphald hos Åkrafjorden B&B. Begge gir deg nærleik til fjorden og eit godt utgangspunkt vidare.

Langfoss opp

Langfoss opp

Tur opp langs det femte høgaste fossefallet i Norge - med fantastisk utsikt undervegs!

REISE: Langfoss → Jondal (Folgefonna)

Køyretid: ca. 1,5–2 timar

Turen går vidare langs fjord og gjennom dalføre før du kjem opp mot breområdet.

Dag 2: Folgefonna – ut på breen

Tid: 5–6 timar (med guide)
Vanskegrad: Middels
Stad: Jondal

Her går du på is med guide og stegjern. Landskapet er ope og stille, ein tydeleg kontrast til fjordane.

Overnatting:
Kjør til Rosendal og overnatt på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus eller Rosendal Fjordhotel.

Guida tur på Folgefonna

Den Blåe Dagen

Du kan no få oppleve det beste frå fjordbygdene, Hardangerfjorden og Folgefonna. Dette er ein 5-6 timars blåistur som passar for alle over 10 år i vanleg god form.

REISE: Jondal → Rosendal

Køyretid: ca. 1 time

Ein vakker køyretur langs Maurangerfjorden, med den spektakulære Furebergfossen som naturleg stopp undervegs.

Dag 3: Melderskin – utsikt over fjord og fjell

Tid: 6–8 timar
Vanskegrad: Svært krevjande
Stad: Rosendal

Melderskin reiser seg bratt frå fjorden og gir ei av dei mest omfattande utsiktene i regionen. Dette er ein av turane mange kjem hit for.

Overnatting:


I Rosendal kan du bu ved fjorden på Rosendal Fjordhotel, eller velje eit meir intimt opphald på Avlsgarden.

Melderskin - "Dronninga blant Sunnhordlandsfjella"

Melderskin - "Dronninga blant Sunnhordlandsfjella"

Tursti, der du på toppen av Melderskin kan nyte ei storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna.

REISE: Rosendal → Tysnes

Køyretid: ca. 1,5–2 timar (inkl. ferje)

Du bevegar deg ut mot øyane, og landskapet opnar seg gradvis.

Dag 4: Tysnessåto – der landskapet skiftar

Tid: 1,5 timar
Vanskegrad: Middels
Stad: Tysnes

Frå toppen ser du både fjordlandskapet bak deg og øyane som ligg utover mot havet. Her blir overgangen i regionen tydeleg.

Overnatting:


På Tysnes kan du bu på Haaheim Gaard, med utsikt over landskapet du nettopp har gått i.

Person og hund som står ved varde på fjelltopp med utstikt mot fjord, fjell og horisonten.

Tysnessåto - fjelltur frå Myrdal til Tysnessåto på sherpasti

Tysnessåto 753 moh er den høgaste toppen på Tysnes, og eit av dei mest populære turmåla på øya.

REISE: Tysnes → Stord

Køyretid: ca. 1 time

Ein kort og variert etappe sørover, med ferje frå Hodnanes til Jektevik og vidare gjennom kystlandskapet på Stord.

Dag 5: Stovegolvet – utsikt mot havet

Tid: 1–2 timar
Vanskegrad: Enkel til middels
Stad: Stord

Ein kort tur med open utsikt. Etter fleire lengre dagar gir dette eit rolegare tempo – utan at du mister opplevinga.

Overnatting:
På Stord kan du velje mellom Stord Hotel eller eit meir annleis opphald på Gamle Fengselet kulturhotellet.

Tyseskaret

Tur til Stovegolvet 703 moh

Namnet Stovegolvet kjem frå den store flata som openberrar seg på toppen. Her er det like flatt og breitt som heime i stova.

REISE: Stord → Bømlo

Køyretid: ca 25 minutt

Turen går vestover over Bømlabrua og vidare via Trekantsambandet, med flott utsikt over øyriket. Landskapet opnar seg mot havet, og det karakteristiske fjellet Siggjo ruvar i horisonten når du nærmar deg Bømlo.

Dag 6: Siggjo – utsikt over øyriket

Tid: 2–3 timar
Vanskegrad: Middels
Stad: Bømlo

Frå Siggjo ser du øyar og holmar spreidde utover havet. Landskapet er ope, og du er no heilt ute mot kysten.

Overnatting:


Bu nær sjøen på Stormhyttene, eller vel eit opphald ved Kulleseidgjestehamn i ei flott hotellhytte tett på kanalen.

Steintrapper oppover fjell, utsikt mot fjell, øyer og sjø, lettskyet og blå himmel.

Topptur til Siggjo

Eit fantastisk utsiktspunkt – og eit spennande geologisk område. Ein lett tilgjengeleg topptur som tek om lag ein time opp.

REISE: Bømlo → Austevoll
Køyretid: ca. 1,5–2 timar (inkl. ferje)

Siste etappe tek deg nordover langs kysten, med ferje over det opne sundet mellom øyrika. Undervegs får du nærkontakt med havet, små holmar og skjer, før du kjem fram til Austevoll – eit levande øysamfunn ytterst mot havet.

Dag 7: Kongsen – avslutning mot havet

Tid: 1 time
Vanskegrad: Enkel fottur
Stad: Austevoll

Kongsen gir deg utsikt heilt ut mot havet. Etter ei veke gjennom fjord, bre og fjell, er dette ein naturleg avslutning.

Overnatting / vidare reise:


Avslutt turen med eit måltid og overnatting på Bekkjarvik Gjestgiveri, før du reiser vidare til Bergen.

Blå himmel, blå sjø, båthavn, hus og åpent skoglandskap.

Tursti til Kongsen i Bekkjarvik

Flott tursti der du startar anten frå Bekkjarvik eller Selbjørn skule til Kongsfjellet. Lett terrreng og lett stigande tur, flott utsikt på toppen.

REISE: Austevoll → Bergen

Køyretid: ca. 1–1,5 timar (inkl. ferje)

Ein enkel avslutning på reisa, og eit naturleg siste stopp på reisa.

Klar for tur?

Du bevegar deg gjennom landskapet, men det er først når du stoppar og går at du verkeleg ser kor mykje det endrar seg.

Frå foss til bre. Frå fjord til hav. Frå fjell til kyst.

Related articles

Pakkeliste til fjelltur - og alt annet du trenger å vite for å gå på tur på Vestlandet

Pakkeliste til fjelltur - og alt annet du trenger å vite for å gå på tur på Vestlandet

Skal du gå på tur i Norge? Her finner du pakkeliste til fjelltur, gradering av turer og vanskelighetsgrad samt andre tips for at fjellturen din på Vestlandet skal bli best og tryggest mulig.

Planlegg reisa di til Sunnhordland

Planlegg reisa di til Sunnhordland

Skal du besøke Sunnhordlandsregionen og lurer på kva du bør finne på? Her finn du ei rekke verktøy med forslag til arrangement, dagsturar og ting å gjere. Planlegg for ei opplevelsesrik reise i Sunnhordland.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement