Hopp til hovedinnhold

Skal du på norgesferie med ungar i sommar er besøksgarden Hakallegarden ei oppleving for alle.

- Det folk likar her, er at dyra går fritt. Plutseleg kjem ei høne og tek svela di, fortel Aina Moldskred Krakset, som driv Hakallegarden.

Hos Aina, Olav og dottera Marit får du ein helt spesiell nærkontakt med dei 16 dyreartene dei har på garden sin i Vanylven på Søre-Sunnmøre.

Sjå og høyr Aina fortelje om Hakallegarden:

Besøksgard - eit populært reisemål for barnefamiliar

Familien har dreve besøksgard i over 10 år, og den har lenge vore eit populært reisemål for barnefamiliar. I 2015 laga NRK Super ein TV-serie frå garden der sjåarane fekk innblikk i dottera Marit sin kvardag på garden, og det rike dyrelivet. Mange av dyra ein blir kjent med gjennom TV-serien, kan ein møte igjen på garden.

© Oddgeir Visnes / TIBE

Rampen Oliver

- Dyra får utvikle seg på ein spesiell måte når dei går så fritt. Eselet Oliver er litt rampete, og har lært seg å knyte opp tau, åpne portar og søppelkassar. Han er også svært matglad. Ein gong slapp han ut sju hestar tidleg ein morgon. Dei fekk seg ein bra løpetur rundt i bygda, ler Aina. Oliver er berre eitt av fleire esel dei har på garden.

© Oddgeir Visnes / TIBE

Store personlegdomar

Bjørg, som er langhåra skotsk høglandsfe, kom til verda då TV serien blei spela inn. - Ho er blitt vaksen no, og trur ho er mor til ein liten gut. Det er Reidar, som er av arten gamal norsk fjordfe. Bjørg steller og vaskar Reidar til hans store glede, fortel Aina.

- Linus Martinus (lama) er ein luring som hoppar over gjerde, han er svært nysgjerrig og glad i folk. Daniel (alpakka) trur han er menneske som oss. Det blir mange store personlegdomar, og alle som kjem hit har som regel sine favorittar, smiler gardsfrua.

© Oddgeir Visnes / TIBE

Aktivitetar for born

Familien er opptatt av å gi dyra namn, og meiner det gjer det lettare for born og gjestar å få ein nær relasjon til dyra. Gardstunet er fullt av spennande aktivitetar for born. Her er ein vanndam ein kan leike i, det er tilbod om traktorkøyring, hesteridning og mykje meir. Det mest populære er å kose med kattungar, hevdar Aina.

Fargerik kvardag

Ettersom dyra går fritt og et opp det meste av blomster og gras, har det vore viktig for familien å fargeleggje på andre måtar. Her finn du både gule og rosa fjøs. Gårdsbutikken og kafèen er fulle av herlige fargar, og her er det sjølvsagt kortreiste godsaker. Dette er ein plass ein blir glad av!

© Oddgeir Visnes / TIBE

Prisvinnar

I 2016 fekk familien Bygdeutviklingsprisen i Møre og Romsdal av Innovasjon Norge. «....Vinneren står for nyskaping og originalitet. Kandidaten har tatt uttrykket «besøksgård» et trinn lenger enn de fleste. Gjennom mulighet for nærkontakt med dyr og gardsdrift både for barn og voksne har de fanget interessen hos et bredt lag av folket....»

© Oddgeir Visnes / TIBE

Familiecamping

Besøksgarden ligg rett ved Stadthavet, og like ved garden er det ei flott sandstrand. Her er det mogleg med enkel camping, og det er også nokre parkeringsplassar for bobil. Hakallegarden tok nyleg over Strandhuset, og der er det mogleg å leie til overnatting. Dette er ein flott plass å reise på ferie med born i Norge, med mange fleire unike opplevingar i nærområdet og i resten av Møre og Romsdal.

– Vi vil gjerne skape ei god atmosfære, og det er utruleg kjekt at så mange gjestar kjem att kvart år, seier ei glad Aina.

Dyra du kan møte på Hakallegarden:

Esel, hund, katt, hest, høne, gris, ender, marsvin, alpakka, lama, sau, okse, geit, papegøye, undulat og påfugl.

Overnatting i nærleiken

På oppdagelsesferd i Møre og Romsdal

Tenker du på hva dere skal gjøre sammen med barna i høstferien, og står «rikelig med opplevelser» høyt på ønskelisten? Se til Møre og Romsdal – her kan barna la utforskertrangen få fritt spillerom med mye lek og læring.

Finn ut mer

Relaterte artiklar