Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Barn og familie

Nord-Europas mest unike akvarium og vitensenter

Hele året
Sist oppdatert: 12.03.2025

I utkanten av fiskerihovudstaden Ålesund finn du akvariet Atlanterhavsparken.

I Altanterhavsparken i Ålesund kan du sjå livet i sjøen på nært hald og lære meir om norsk fauna. Studer fiskar og andre unike sjødyr. Hels på sel, oter og pingvinar.

Atlanterhavsparken ligg i sjøkanten på Tueneset, berre 7 minutt frå Ålesund sentrum. Som ein avstikkar frå bylivet kan du sjå dyr som lever i ekte norske natur, og ta ein nærare titt på det største utandørsbassenget for sel i Europa.

Utendørs selbasseng med man som forer selene.

Atlanterhavsparken i Ålesund

I Atlanterhavsparken får både små og store ekte, engasjerende og lærerike opplevelser.

Atlanterhavet på utstilling

Atlanterhavsparken har spesialisert seg på livet langs norskekysten, og fekk i 2019 status som det første Marine vitensenter i Norge. Akvariet er eit utstillingsvindauge av livet langs norskekysten og i Atlanterhavet. Atlanterhavsparken blir i dag rekna for å være det største og mest unike saltvannsakvariet i Nord-Europa. Kvart minutt pumpar heile 10.000 liter sjøvatn direkte gjennom akvariet.

Produsent: Regn Production Musikk: Sublab & Azaleh

Under overflata

I anlegget kan ein sjå og utforske norsk marint liv frå fleire djubde, og i forhold som er lik ulike lokasjonar langs kysten. Her kan ein lære korleis dei ulike fiskeartane lever saman med algar og andre sjødyr som kråkebollar, krepsdyr og sjøstjerner i sitt naturlege habitat. Det er mykje spennande å sjå og lære, uansett alder.

Nusse, Muffe og Pia

På oterøya kan du møte nordlendingane Nusse, Muffe og Pia. Dei tre oterungane blei funne aleine i naturen i Nord-Norge, men har no gjort sunnmøringar av seg. Nordlendingane stortrivest i sitt eige øyparadis i Atlanterhavsparken der dei får store mengder med kjærleik. Dei er svært sosiale og elskar merksemd frå alle dei som besøker parken. Du kan sjå oterungane viser seg fram under fôringa som foregår kvar dag kl. 14.00.

Suksess med pingvinar

Ein av de store attraksjonane i parken er området til humboldtpingvinane. Den sør-amerikanske pingvinarten trivest best på klipper og steinar langs kysten, og er ein av dei mest truga pingvinartane i verda.

Humboldtpingvinane i Atlanterhavsparken er ein del av eit europeisk avlsprogram som skal bidra til å redde arten. Prosjektet har vore ein suksess, og nesten årleg får pingvinane kyllingar. Du kan sjå mating av pingvinane kvar dag frå kl. 14.30.

Les meir om kva du kan oppleve når du besøker Ålesund her
På vei til Trollkyrkja

På oppdagelsesferd i Møre og Romsdal

Tenker du på hva dere skal gjøre sammen med barna i høstferien, og står «rikelig med opplevelser» høyt på ønskelisten? Se til Møre og Romsdal – her kan barna la utforskertrangen få fritt spillerom med mye lek og læring.

Finn ut mer

Relaterte artikler

Hopp i havet

Hopp i havet

Bli kjend med Atlanterhavet, kysten og fjøra på eit adrenalinfylt og spanande vis. Coasteering er den perfekte familieaktiviteten, spesielt på dagar med litt vind og regn.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement