Eit esel som opnar porten sjølv, eit lama som hoppar over gjerdet og kattungar som vil ha fanget ditt. Ytst i Vanylven, der Stadhavet slepper laus vinden, finn du ein gard der tempoet er sett av dyra.
På Hakallegarden på Søre-Sunnmøre er det dyra som er vertskap. Dei går fritt i tunet, mellom gule og rosa fjøs, og her kjem du tett på 16 ulike dyreartar .
Kanskje kjenner borna dine garden frå før? Familien Aina, Olav og Marit er kjende frå NRK Super-serien Marit og dyra. No kan du møte dyra frå skjermen på ordentleg.