Hopp til hovedinnhold
© Vegard Vike Engum
1

Gratis ferje frå Askvoll - Værlandet

Visste du at ferja frå Askvoll til Værlandet er gratis? Alle transportfartøy og personar har reist gratis med ferja MF Nordfjord frå Askvoll til Værlandet sidan 1. juli 2022. Ferja går frå Askvoll sentrum og har fleire avgangar i løpet av dagen. Perfekt om du ønskjer å ta ein dagstur, eller med overnatting ein stad der ute.

2

Leig sykkel frå Joker Værlandet

Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. Leig deg sykkel frå Joker Værlandet og opplev storslått utsikt over øyer og hav frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman. Og hugs; Sjå deg ikkje attende!

Åpent til kl 15:00
Stengt for sesongen
Les mer
© Lillian Herland
3

Eit kaffistopp på Hamnaholmen

Kva er vel ikkje betre enn å starte turen med eit kaffistopp? Hos Hamnaholmen får du nydeleg kaffi og god bakst i eit koseleg lokale. Lad opp og gjer deg klar for ein tur av dei sjeldne.

Åpner kl 19:00
Les mer
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
4

Nyt utsikta frå eit kamskjel

Etter eit par kilometer kjem du til ein nokså gøymt turstiskilt som tek deg med ut til ein skjult perle av dei sjel(dne). Turen går i ulendt terreng og er relativt kort. I enden av turløypa finn du eit stort kamsjel som du kan opne opp og sitte inni. Her kan du nyte utsikta over havet i vest.

© Lillian Herland
5

Vandretur til Gjørøylykta

Før du syklar inn til Bulandet vil du sjå eit skilt til Gjørøylykta. Dette er ein fin rusletur til lykta som står og voktar over storhavet. Turen er lett å gå på tilrettelagt sti, og frå lykta vil du ha storslått utsikt over eit mylder av øyar og hav.

© Visit FjordKysten
6

Sjå flotte kunstutstillingar langs vegen

På vegen frå Værlandet til Bulandet finn du fleire flotte kunstinstallasjonar som du kan studere og begeistre. Her er det mogleg å bli inspirert av dei flotte folka som står på for å pynte lokalsamfunna til glede for andre

© Lillian Herland
7

Få eit heilskapeleg bilete av livet i øysamunnet

I Bulandet finn du det vestlegaste aktive fiskerisamfunnet i Norge. I det gamle skulehuset i Bulandet finn du Temaparken som gjev eit herskapeleg bilete av livet i øysamfunnet. Her vises Bulandet i fortid og notid.

© Lillian Herland
8

Ein matbit hos Havsalaten

Etter fleire timar med natur- og kulturopplevingar er det på tide med ein matbit. Hos Havsalaten kan du velge mellom gode rettar på menyen. No har du fått påfyll av ny energi, og klar for å begi deg ut på sykkelturen tilbake til Værlandet. Er du heilt tappa for energi er det mogleg å levere inn sykkelen du leigde i Værlandet hos Joker Bulandet slik at du kan nytte deg av kollektivtransport tilbake til Værlandet. Sjå entur.no, eller spør på butikken om rutetider

© Kieran Kolle
9

Sjå fleire flotte kunstinstallasjonar på vegen tilbake

Eg trur ikkje du får nok av dei vakre kunstinstallasjonane og naturlandskapet som er i Bulandet og på Værlandet. Pass på at du har rikeleg med tid og batteri på kamera slik at du får fanga alt da flotte desse øysamfunna har å by på

10

Fjelltur til Alden - den norske hest

Er du fortsatt full av energi? Då anbefala vi å brenne av det siste kruttet du har på ein fjelltur til Alden - den norske hest. Fjellet stig nærmast loddrett opp av havet, 481 meter høgt og er synleg meir enn 100 km til havs. For å komme seg til Alden må du bestille privat skyss frå Værlandet Gjestehamn. Ta kontakt med Alaria AS v/ Audun Oddekalv på 48132779, eller Gry Leite på 90551334 for å tinge skyssbåt. Turen frå Værlandet - Alden kostar rundt 200 - 250 kr.

© Visit FjordKysten
11

Ferge tilbake til Askvoll

Etter ein opplevingsrik dag er det på tide å ta ferja tilbake til Askvoll.

© Lillian Herland