Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Mat og drikke

Ein sommar for sansene!

Sommer
Sist oppdatert: 03.07.2025
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Planlegg du familieferie, ein romantisk get-away eller late feriedagar med gode vener? La Ryfylke levere smakene, naturopplevingane, flotte sommaraktivitetar – og meir til!

Finn inspirasjon til din ferie i sommar!

Sommaren i Ryfylke er full av fine kontrastar og opplevingar for alle sansar! Her får du servert vakre fjordar, grøne fjell og idylliske bygder. Marknader og gardsbutikkar er fulle av matskattar, kor du får smaka på ekte matkultur – med kvalitetsprodukt frå fjord til fjell, frå gard til bord. Kva med å nyte gode måltid i ein sjarmerande kafé eller på bryggekanten? Eller kva med fine dagar på fjorden eller flotte fjellturar? Kombiner smak- og turopplevingar med kunst, kultur og aktivitetar for store og små – og nyt både ro og eventyr, alt i ei pakke i Ryfylke!

Smak deg gjennom Ryfylke!

Over 20 lokalmatprodusentar frå Suldal og Hjelmeland viste fram det beste av lokale råvarer og spanande smakskombinasjonar frå Ryfylke under Gladmat 2025. Smaksopplevinga på Gladmat var berre starten på smaksopplevingane i sommar! Gjennom gardsutsal og gardsbesøk, kvalitetsprodukt og spanande rettar hjå våre kafear og restaurantar kan du fortsette med å smake deg gjennom alle dei gode smaksopplevingane Ryfylke har å by på.

Smaken av Hjelmeland

Flotte dyrkingstilhøve og lange tradisjonar for lokalmat- og drikkeproduksjon gir eit unikt grunnlag for alle smaksopplevingane Hjelmeland har å by på! Her kan du snope med deg flotte kvalitetsprodukt, oppleve sidersmaking, besøke
marknadsdagar og ta turen innom sommarkafé, restaurant og bakeri for å nyte lokal mat og drikke.

Her finn du meir informasjon om Smaken av Hjelmeland -> https://www.hjelmelandnaturlegvis.no/opplevelser/smaken-av-hjelmeland

Sommarminne frå Hjelmeland

På utkikk etter sommaraktivitetar og skape dei fine sommarminnene? Her finn du nokre tips til sommaraktiviteter i Hjelmeland.

Matskattar frå Suldal

I Suldal får matskattar som bygger på tradisjon og innovasjon, frå Rogaland sin første vingard, vår eigen fruktgard – og til og med ein honninggard. Alle tilbyr dei gardsbesøk og har eige gardsutsal. I tillegg finn du over 10 ulike gardsutsal på tvers av dei mange grendene våre, og ei rekke kafear og restaurantar der kortreiste, sesongbaserte smaksopplevingar står i fokus. Sjå etter merket «Matskattar frå Suldal»!

Her får du tips til korleis du kan utforske Suldal med båt frå fjorden og her får du våre topp 10 tips til gode lokalmatopplevingar.

© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Utforsk Skattkammeret Suldal i sommer

Smaksopplevingane er berre starten på sommareventyret i Suldal, der du også kan finne dei høgaste toppane i Rogaland, idylliske fjordarmar, livlege grender, lakseelv og ei rekke kjekke aktivitetar. Ta med familien eller vennegjengen på guida padleturar, flyt nedover Suldalslågen på laksesafari, besøk Noregs første laksestudio, slapp av ved ei badestrand, nyt nokre kjekke timar i badeland eller dra på gardsbesøk.

Fleire tips til sommaren i Suldal får du her -> https://www.visitsuldal.no/sommar-i-suldal

© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Favorittopplevingar i Ryfylke

Godt for ganen

Godt for ganen

Om Rogaland er hele Norges matfat, ja da skilter Ryfylke med de aller beste godbitene på det fatet. I hver bygd og fjordarm har de dukket opp, små spisesteder og gårdsutsalg som tilbyr de deiligste munnfuller. I Ryfylke er det ikke bare det som dyrkes i jorda som har hatt gode levekår de senere årene, også selvtilliten og stoltheten hos alle de flinke produsentene har fått et skikkelig oppsving. Nå høster de priser for mat og drikke og hevder seg helt i toppsjiktet.

Utforsk Nasjonal turistveg Ryfylke

Utforsk Nasjonal turistveg Ryfylke

Turen langs Nasjonal turistveg Ryfylke er en reise i kontraster. Her møter du alt fra frodige lier, bratte fjell og dype fjorder til industrihistorie, arkitektur og lokale mattradisjoner.

Overnattingsstedene du ikke glemmer!

Overnattingsstedene du ikke glemmer!

Her finner du overnattingsstedene i Haugesund og Ryfylke som er verdt å utvide ferien sin for - både med en dag og to.

Matopplevelser i Haugesund og Ryfylke du ikke bør gå glipp av!

Matopplevelser i Haugesund og Ryfylke du ikke bør gå glipp av!

God mat hører med i ferien – enten du er på jakt etter lokale spesialiteter, fersk sjømat eller en god kopp kaffe med utsikt. I Haugesund og Ryfylke finner du flere steder som er verdt en omvei, for mer enn bare smakens skyld.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement