Hopp til hovedinnhold

Festivalar i juni 2026

Juni byr på eit variert festivalprogram i Sunnhordland – med alt frå intimkonsertar i spektakulær natur til familievenlege kystfestivalar og country-stemning.

I vakre Uskedalen i Hardanger går Festidalen av stabelen 26.–27. juni 2026. Den intime musikkfestivalen er kjent for kombinasjonen av rock, fjell og kjærleik – med store artistopplevingar i spektakulære omgjevnader.

På Fitjar er Fitjarfestivalen 2026 tilbake med eit innhaldsrikt program for heile familien. Her blir det konsertar, aktivitetar og god festivalstemning i sentrum.

Ved Kulleseidkanalen på Bømlo inviterer Ankerfest 2026 til sommarfest med musikk, camping og familieprogram – inkludert den populære Barnas Ankerfest.

I Sveio blir det igjen liv og røre under Sveio Festivalen 2026, med musikk, fellesskap og ekte vestlandsk festivalstemning.

I Etne kan du oppleve ekte country- og westernstemning under Etne Saloon Festival 2026 – ein festival som kombinerer musikk, kultur og ei heilt spesiell atmosfære.

Uansett kvar du reiser i Sunnhordland i juni, ventar gode opplevingar, ekte festivalstemning og noko for både store og små!

En gjeng på konsert som holder rundt kvarandre.
© Martin Litwicki

Festivalar i juli

Juli i Sunnhordland byr på ekte festivalstemning frå fjord til fjell – med store artistopplevingar, maritim atmosfære og uforgløymelege sommarkveldar. Her kan du kombinere vestlandsnatur med musikk og fellesskap.

I Våge på Tysnes går Tysnesfest 2026 av stabelen og forvandlar det vesle kystsamfunnet til ein pulserande festivalby. På scena står mellom andre Gunslingers, Morten Abel og Odd Nordstoga – og fleire artistar blir sleppte fortløpande. Med konsertar tett på fjorden, liv i sentrum og eit breitt program for både store og små, er Tysnesfest ein ekte vestlandsk folkefest.

På Austevoll inviterer PalePop 2026 til ein intim og stemningsfull festivaloppleving i maritime omgjevnader. Med fokus på kvalitetsmusikk og nærleik til både artistar og natur, byr festivalen på sterke konsertopplevingar i unike rammer.

Det blir òg mange flotte konsertar og arrangement både i Rosendal og i Bekkjarvik gjennom sommaren. Uansett kvar du legg turen i juli, ventar sommarstemning, gode konsertar og minnerike opplevingar i Sunnhordland.

Midt i juli ventar ei heilt spesiell oppleving i Bekkjarvik, der Bekkjarvik Experience inviterer til den årlege Sommerkonserten i Bekkjarvik. I idylliske omgjevnader ved indre hamn blir det stor sommarkonsert med kjende artistar som Eva Weel Skram, Daniel Kvammen, Tause og Bjørn Berge. Her sit publikum tett på både scenen og havet, medan sommarsola senkar seg over Austevoll.

Med sterke låtar, levande formidling og magisk kystatmosfære ligg alt til rette for ein kveld fylt av stemning, nærleik og musikalske høgdepunkt. Dette er månaden for deg som vil kjenna pulsen av vestlandske sommaropplevingar – tett på havet, tett på musikken.

Med denne festivalrikdommen viser Sunnhordland seg frå si aller beste side, og inviterer både lokale og tilreisande til å ta del i feiringa av musikk, kultur og fellesskap.

Mange av festivalane har allereie klare datoar for 2026 – så no kan du sikre deg billettar og begynne planlegginga av neste festivalsommar.

I tillegg finn du endå fleire konsertar, kulturarrangement og opplevingar i kulturkalenderen vår, der nye arrangement blir lagt ut fortløpande gjennom året.

Planlegg i god tid – og gled deg til nye musikalske høgdepunkt i Sunnhordland!

Tips til fleire ting å gjere