Sunnhordlandsruta er ein del av det ordinære kollektivtilbodet i Vestland. For dei som bur her, er dette kvardagsvegen til jobb, skule og møte. For deg som vil oppleve Sunnhordland på ekte vis, er det ei av dei finaste reisene du kan ta.
Ruta går med snøggbåt frå Bergen sentrum og Flesland kai, og tek deg sørover gjennom øyriket til mellom anna Bekkjarvik, Leirvik på Stord og Skånevik i Etne – med fleire stopp undervegs. Dette er ikkje ei tilrettelagd turistløype. Det er ein levande ferdselsåre. Nettopp difor gir ho deg noko anna: ei reise tett på kystlivet.
Du reiser enkelt med Skyss-billett, slepp bilkø og parkering – og får Vestlandet servert frå første rad.