Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Reisetips

Sunnhordlandskysten - frå hamn til hamn

vår, sommar
Sist oppdatert: 06.09.2024
Luftfoto over Bekkjarvik i Austevoll, med havn, hus, grøntarealer, fjord, fjell og båter.
© Riceandpotato
© Riceandpotato

Sunnhordland byr på små og store gjestehamner med eit stort utval av opplevingar. Det er stor sjanse for at du vil finne di favoritthamn.

Sunnhordland byr på ein rik kyst region og mektige fjordar med mange flotte båthamner på vegen.
Sommaren er høgsesong for båtturar og hamnene i Sunnhordland byr på gode restaurantar ,sjarmerande kafear, leikeplassar og fine gåturar. Her kan du finne ei oversikt over alle båthamnene i Sunnhordland og inspirasjon til kva du kan gjere i nærleiken av dei.
Våge
Tysnesfest

Det beste langs kysten - gjestehamner med unike matopplevingar og aktivitetar for store og små

I heile kystregionen Sunnhordland finn du store og små gjestehamner med ulike opplevingar. Dei større hamnene tilbyr shopping, restaurantar og museum, medan mindre gjestehamner byr på naturopplevingar, ro og sjarmerande småbutikkar.

Fantastiske matopplevingar

Legg til kai i Bekkjarvik gjestehavn, hamna som fleire gonger er blitt nominert og kåra til Norges flottaste gjestehamn. Her kan me anbefala eit besøk på Bekkjarvik Gjestgiveri, der du vil bli servert nydeleg mat laga med ferske, lokale råvarer.

Gjestehamna har alt du treng av fasilitetar, det er turstiar like i nærleiken og eit lite hyggeleg sentrum.

Tek du turen til Tysnes og Våge finn du ein anna velkjend restaurant med utsøkt, lokal mat på menyen, dette er Mandelhuset som ligg ved Våge gjestehamn. Ein av deira lokale produsentar er ysteriet Myrdal Gård.

I juli kan du i tillegg oppleve sommarfestivalen "Tysnesfest" i Våge gjestehamn.

Hamner med kulinariske opplevingar

Bekkjarvik gjestehamn

Bekkjarvik gjestehamn

Bekkjarvik gjestehavn er ei idyllisk og lun gjestehamn skjerma for alle vindar. Her finn du alt du kan tenkje deg av fasilitetar.

Våge gjestehamn

Våge gjestehamn

Våge gjestehamn ynskjer deg velkommen til Tysnes! Gjestehamna består av eit topp moderne kaianlegg sentralt plassert på Tysnes.

Kanal idyll

Ut mot havet i vest finn du Bømlo, kjem du sjøvegen kan ein snike seg inn frå havet og inn i lune Kulleseidkanalen . Her ligg Kulleseidkanalen gjestehamn som byr på god mat i restauranten og arrangement gjennom heile sommaren på scena. I 2023 inviterar dei inn til "Ankerfest" i helga 23. -24. juni.

Når ein er i dette området kan det varmt anbefalast at ein tek ein tur til den bilfrie øya Espevær, som er ei unik kystperle. Her kan du nyte utsøkt mat på Gamleposten 5444, og besøke musea Hummarparken og Baadehuset.

Kulleseidkanalen gjestehamn

Kulleseidkanalen gjestehamn

Vakn opp i ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet. og du kan legga til kai på ein av dei 40 båtplassane.

Biekronå, Espevær gjestehamn

Biekronå, Espevær gjestehamn

Eit særprega fiskevær, rikt på kulturelle minne, ytterst i Bømlafjorden. Kort avstand til nærbutikk og sumaropen restaurant. 

Gjesthamn i byen

Ei av dei største gjestehamnene i Sunnhordland ligg i byen Stord, og heiter Leirvik Gjestehamn. Her ligg du i gåavstand til kjøpesenteret Amfi Stord, restaurantar, kafear med uteservering, galleri og museum. I gågata finn du den populære lunsjkafeen Urt & Ugras som serverer frisk mat av lokale råvarer.

Oversiktsbilde Leirvik gjestehamn og sentrum

Leirvik gjestehamn

Leirvik Gjestehamn ligg i sentrum av Leirvik. Her er det museum, parkar, kulturhus, rådhus, handlegate og AMFI senter og strandpromenade rundt heile hamna.

Historiske gjestehamner

Fitjar Gjestehamn

Mange av Sunnhordlands gjestehamner byr på rik kulturhistorie. I tusenvis av år har sjøvegen vært ein av dei viktigaste transportårene inn til vår region. Frå Fitjar gjestehamn kan ein besøke Håkonarparken der statua av Håkon den Gode står.

Fitjar sentrum og gjestehamn

Sjøsio Gjestehamn, Fitjar

Fitjarøyane er svært attraktive som båtutfartsområde. Gjestehamna, også kalla "sjøsio", ligg i Fitjar sentrum.

Rosendal Hamn

Frå Rosendal Gjestehamn kan du spasere bort til Sunnhordland UNESCO Global Geoparks eine besøkssenter Folgefonnsenteret for å lære om utviklinga av landskapet i regionen. Eller besøke eit av Norges minste slott Baroniet Rosendal og oppleve bløminga i rosehagen.

Rosendal hamn

Rosendal hamn

Ligg midt i sentrum av Rosendal med dei fleste fasilitetar båtturistar treng. På kaien finn du turistinformasjon, og avstanden til butikkar og attraksjonar er kort.

Brandasund Gjestehamn

Heilt ute i havgapet på nordenden av øya Bømlo ligg flotte Brandasund Gjestehamn. Brandasund var på 1600- tallet, havn for Hansaskipa på veg til Bergen. I dag kan du finne hyggelege Brandasund Kysttun og smake på deira berømte skillingsbollar. Ynskjer du ein luftig tur ut til fyret eller padle kajakk i havgapet kan ein kontakte Brandasund Kultur & Fritid.

Brandasund gjestehamn

Brandasund gjestehamn

Brandasund er ein idyllisk gammal stad heilt ute i havgapet. Her er det daglegvarer, dusj, toalett, vaskemaskin, tørketrommel, bunkring, knust is, straum.  

Finn di gjestehamn
Bjørk og vårstemning ved Årbakka Handelsstad og gjestehamn på Tysnes.
Årbakka Landhandel

Related articles

Kjærlighet i hver havn på Vestlandet

Kjærlighet i hver havn på Vestlandet

Gjør deg klar til å mønstre som skipper på egen båt i Vestlandets trygge farvann. De vakre gjestehavnene langs Vestlandskysten byr på den ultimate opplevelsen.

De beste aktivitetene for å oppleve de norske fjordene

De beste aktivitetene for å oppleve de norske fjordene

Fjordene kan oppleves tett på, eller beundres på avstand. Vi gir deg tipsene for den beste fjordopplevelsen!

Friske havopplevingar året rundt

Friske havopplevingar året rundt

Opplev kysten og havet i Sunnhordland – heile året rundt Ynskjer du å utforske kysten uansett årstid, er Sunnhordland det perfekte reisemålet for deg. Her kan du følgje stiar som slyngar seg mellom lyng og berg, heilt ut til havet. Området byr på aktivitetar for både store og små, frå fotturar til båtturar, og utanfor sommarsesongen har du enno større sjanse til å oppleve naturen i fred og ro. Sunnhordland ventar på deg – heile året.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement