Hopp til hovedinnhold

I Hyllestad kan du verkeleg senke skuldrene og kjenne på stillheita. Heilt ytst på nordsida av Sognefjorden ligg Hyllestad idyllisk til, omringa av vakker natur. Her står opplevingane i kø.

Før du startar turen kan du få inspirasjon til overnattingstad i Hyllestad. Bu i koselege hytter og feriehus, moderne hotell, eller rimeleg hostel. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert!

Bli med på ei reise tilbake i tid

Start ferien med å bli kjent med historia til Hyllestad. I Kvernsteinsparken finn du eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Du kan bli med på ei reise tilbake i tid då det var stor aktivitet i Hyllestad, og finne spennande aktivitetar for barn og vaksne!

På toppen av Hyllestad

Utforsk det massive fjellet som pryder landskapet i Hyllestad. Lihesten er eit landemerke og samlande symbol for Hyllestad, og vert ofte omtalt som majestetisk, trolsk og utfordrande. På Risnesnipa (777 moh) vil du ha storslått utsikt! Vi anbefaler at du bruker god tid opp fjellet. Både for å nyte utsikta, ein god matpakke og drikke rikeleg med vatn.

Padleoppleving av dei sjeldne!

No reknar vi med at beina er godt sletne etter i går. Slapp av med ein padletur mellom hundrevis av holmar og skjer langs hav og fjord. Her kan du finne deg ein holme og bade, spise lunsj og slappe av. Du vil komme tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplev.

Idylliske Porten gard

Etter ein skikkelig god kviledag er du klar for å utforske fleire skjulte perler langs fjorden og på kysten. Godt gøymt bak majestetiske Lihesten ligg idylliske Porten gard. Her kan du bli med på guida tur til Klemetheia, og nyte nista di ved den idylliske Litjørna, med flott utsikt mot havet og øyriket i vest. Er du heldig får du sjå havørna flyge forbi.

Etter turen kan du vandre i tun og kulturlandskap før det blir enkel servering i tunet eller inne i gamle stovehuset.

Porten gard

Er du fortsatt ikkje ferdig med å utforske Hyllestad sine toppar? Ta deg ein tur til dagsturhytta, Sørefjordhytta. Her får du flott utsikt mot Lihesten og ut over Åjorden.

Bli meir inspirert til ferien din