Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Sport og utendørsaktiviteter

Reinheimen & Tafjordfjella

vår, sommer, høst
Sist oppdatert: 07.05.2024
Person sitter på fjellet Heggura og ser på utsikta innover tafjorden og Tafjordfjella
Utsikt over Tafjorden og Tafjordfjella, frå Heggura.|© Ida Katrine Knutson Eriksen
Utsikt over Tafjorden og Tafjordfjella, frå Heggura.|© Ida Katrine Knutson Eriksen

Tafjordfjella ligg og i Reinheimen Nasjonalpark. Reinheimen er som namnet seier villreinen sitt rike, og er eit av dei største uberørte høgfjellsområda i Sør-Norge, der villmark med spor etter gamal fangstkultur pregar området.

Nasjonalparken har mykje av det opphavelege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Tilknytt Reinheimen nasjonalpark er og landskapsvernområde med unik geologi og verdifulle kulturlandskap, med rikt artsmangfald knytt til seterdrift, slått og beitebruk.

Den norske Turistforening (DNT)

Om du er glad i vandring, så er Tafjordfjella er eit populært turområde sommar som vinter. DNT Ålesund har merka turstiar med betjente og ubetjente turisthytter for overnatting. Her er og lokale selskap som gjerne tek deg med på tur, og som har god lokalkunnskap til området. Med naturguide får du og dei gode historiene som du ikkje kan lese om.

UNESCO Tafjorden

Tafjorden er på den prestisjefulle UNESCO-lista over verdas kultur- og kulturarvstader saman med Geiranger. Fjorden startar ved bygda Valldal og går 15 km inn til bygda Tafjord. Sjølve verdsarvgrensa startar rett innanfor bygda Fjørå, og ein guida kajakktur på den fredfulle verdsarvfjorden er verkeleg å anbefale.

Frå bygdene Fjørå og Tafjord kan ein sjå arret etter då Langhammaren rasa ut fjorden i 1934. Dette steinraset skapte store flodbølgjer og tok 40 menneskeliv i Fjørå og Tafjord. Ulykka er ei av dei største naturkatastrofene i Norge, og er i dag kjent som «Tafjordulykka». På Kraft og Skredsenter i Tafjord kan ein få høyre meir historie kring ulykka, samt at senteret har god mykje spennande informasjon om vasskraftproduksjon, geologi og skredovervåking. 

Klatre Zakariasdammen

For dei eventyrlystne kan ein også få prøve eigne klatreferdigheiter i den store innandørs klatreveggen eller med utandørs fasade-rappellering. Det mest spektakulære aktivitetstilbodet i Tafjord er rappellering og via-ferrataklatring på demninga ved Zakariasdammen, ei 96 meter høg demning som vart bygd i samband med vasskraftutbygging i 1967. 

Tafjordbygda

I Tafjord finn du også Fundergata, eit særprega og historisk gatemiljø med kyrkjebuer, stover og ein skule, det einaste i sitt slag som er att på desse kantar. Bygda Tafjord er og kjent for sitt gode klima, og her finn du Tafjord friluftsbad med oppvarma utebasseng frå lokal kraft, som er ein populær sommarattraksjon. 

person står på toppen av Zakariasdammen og skal rapellere ned 60 meter

Rappellering og Via Ferrata på Zakariasdammen

Velkommen til ett av Norges råeste rappeller, en aktivitet som både gir store naturopplevelser og mestring! Den 100 meter høye Zakariasdammen i Tafjord er en av Norges høyeste organiserte rappeller.

Person går over ei trebru i Tafjordfjella med fjella i bakgrunnen og blå himmel
Vandring i Tafjordfjella|© Karoline Nerli

Naturopplevingar

Fleire aktivitetsselskap i området kan tilby padling og andre guida opplevingar både på fjorden, i elvar til setrer og fråflytta fjellgardar langs fjorden. Spesielt flott er det å gå frå Sødalsvika opp til fjellgarden Muldal, og sjå Muldalsfossen med 200 m fritt fall. 

Eit anna turmål som gir god utsikt over verdsarvfjorden og Tafjordfjella, er Flyene i Tafjord. Langs fjorden går det veg frå Valldal til Tafjord, gjennom den idylliske bygda Fjørå som har flotte turstiområde med utgangspunkt frå garden Hauge. På Ruset finn ein også eit nonnekloster som driv med vinproduksjon, og du kan gå turstien over Syltefjellet og til klostertomta der det er planlagd å bygge kloster. 

Tips til ting å gjere

Multiadventure i Verdsarven

Multiadventure i Verdsarven

Multiadventure i hjertet av norks natur- og kulturarv. Vi overnatter på unike gjestehus med lokale verter, nyter kortreist mat og smaksprøver, og opplever vill og vakker Sunnmørsnatur både til fots og fra en kajakk.

Ville Krefter - Kraft- og skredsenter

Ville Krefter - Kraft- og skredsenter

Besøk det gamle Kraftverksmuseumet i Tafjord som no er ombygd til et spennende Kraft og Skredsenter: Ville Krefter. Her finner du fleire familievennlige aktiviteter som innendørs klatring, escape rooms og ein ekstrem høg rappell.

Fjelltur i Romsdalen med utsikt mot Isfjorden og Romsdalsfjorden

Hele Norges fjelldorado

Møre og Romsdal er kjent for sin kystlinje, fjorder og fjell. Her er mastodonter som Slogen, Romsdalshorn og Innerdalstårnet. Samtidig finner du massevis av turopplevelser som både gir fjellfølelse og god utsikt – uten behov for klatretau og gnagsårplaster. Bli inspirert til høstens beste turopplevelser!

Finn ut mer

Relaterte artikler

Kjenn trykket frå fossane på nært hald

Kjenn trykket frå fossane på nært hald

Vil du oppleve vill natur frå eit nytt perspektiv? Tafjorden har mildt klima og har fleire gonger vore på lista over norske og skandinaviske varmerekordar. Her får du perfekte forhold for å oppleve heftige fossefall og skjulte perler – ståande på fjorden!

Hele Norges fjelldorado

Hele Norges fjelldorado

Møre og Romsdal er kjent for sine fjorder og fjell. Her er mastodonter som Slogen, Romsdalshorn, Innerdalstårnet og populære Romsdalseggen. Samtidig byr regionen på massevis av turopplevelser som både gir fjellfølelse og god utsikt – uten behov for klatretau og gnagsårplaster.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement