Hopp til hovedinnhold

1. Laksefiske i Nausta

Test ut fiskelykka i Noregs flottaste vassdrag Nausta! Her er det mange og varierte fiskeplassar, og moglegheiter for einhands flugefiske. Nausta som er eit av Noregs flottaste vassdrag, renn gjennom eit jordbruksområde og er omkransa av ein variert og fin natur. Elva er ei typisk flomelv, der vasstanden kan variere mykje på kort tid. Under lengre tørkeperiodar kan vasstanden i elva bli svært liten og bli eit hinder for fiske. Nausta er kjent som ei spennande elv for einhands flugefiske, med mange varierte og gode fiskeplassar over heile elva. Området under Naustdalsfossen er kjent som ein av Noregs beste fiskeplassar for laksefiske.

2. Sykkeltur

Sykle langs Førdefjorden til Helle. Du syklar for det meste på lågtrafikkert bilveg med jamn stigning mot Helle. Langs vegen har du utsikt mot dei majestetiske fjella Storehesten, Heilefjellet og Blegja. På vegen tilbake er det berre å nyte dei slakke nedoverbakkane. Kombiner turen med eit stopp på Håjen kafé. Ei anna sykkelrute som er fin å ta er å sykle inn den vakre Naustedalen, ei skattekiste av toppturar, majestetiske fjell og idylliske elvedrag. Når du kjem til Hovefossen kan du sykle over brua og ta av inn til Indrekvam, og når du kjem til krysset til Nes kan du velge om du vil sykle vidare opp dalen eller om du vil krysse brua og sykle ned på andre sida. Dette er ein fin rundtur der du får oppleve litt meir av den flotte bygda.

3. Sanden i Naustdal

Midt i sentrum i Naustdal ligg den flotte badestranda Sanden. Her kan du nyte late dagar med soling og bading. Om du har lyst å vere i aktivitet kan du leige deg eit SUP-brett eller spele sandvolley. Gå deg ein tur ut på bananøya og sjå på skulpturane Kyra og Budeia, som er laga av Oddvar Torsheim og Kjartan Slettemark, to kjente kunstnarar frå Sunnfjord.

4. Reis på fossejakt

Reis på fossejakt i Naustdal, og opplev naturens mesterverk. Ta turen til majestetiske Styggelifossen, der eit imponerande fall på 115 meter har forma sitt eige vegsystem gjennom fjellet. For ei ekstraordinær oppleving kan du bli med på ein guida to timers tur, der du får utforska våte stiar og klatre ned i juvet der fossen møtar vassdraget. Ikkje gå glipp av eit besøk til Hovefossen, her kan du la deg fortrylle av naturens skjønnhet, og draume deg vekk i denne naturskapte oasen. I sentrum kan du sjå Naustdalfossen og nyte utsikta over det uregulerte laksevassdraget Nausta, som straumar ut i Førdefjorden.

Fossar i Naustdal

5. Luftkampmuseet

Gå i historia sine fotspor på Luftkampmuseet, der du får oppleve beretninga om ein dramatisk dag mot slutten av andre verdenskrig. Bli ein del av augeblikket då ein mektig alliert flystyrke gjekk til angrep mot ein tysk flåtestyrke i Førdefjorden. Dessverre blei dei allierte flya sjølv mål for angrep, og den intense luftkampen resulterte i tapet av ti allierte fly og fem tyske fly, med totalt 24 tapte liv. Luftkampmuseet gir deg innsikt i den historiske hendelsen som satte djupe spor i Naustdal og dei involverte. Eit besøk på Luftkampmuseet er ikkje berre ei reise tilbake i tid, men og ein hyllest til heltemotet og minnet om dei som ofra alt. Ta del i denne historiske reisa og la Luftkampmuseet berike ditt opphald i Naustdal.

6. Håjen Kafe

Ta ein tur til Håjen Kafe i Naustdal, der får du servert deilig heimelaga mat basert på lokale råvarer og tradisjonsrik bakst frå eget bakeri. Trua på kvalitetsråvarer og solid handverk er grunnlaget for fortryllande smakar og minneverdige stunder rundt matbordet. På Håjen er matopplevinga ikkje berre ein metthetsgaranti, men og ei historiefortelling. Dei delar gjerne historien bak kvert måltid, fordi dei trur at kjennskapen til matens opprinnelse forbetrar smaksopplevinga. Bli med på ei smaksreise gjennom lokale delikatesser og tradisjonar på Håjen, velkommen til ein stad der smak og historie møtast med stor gjestfrihet!

7. Vindkjegla

Vindkjegla, majestetisk plassert i Naustdal, reiser seg stolt med sine 688 meter over havet. Synleg frå store delar av Naustdal sentrum, byr Vindkjegla på ei fantastisk utsikt over bygda, Hellefjellet, Storehesten, oppover Naustedalen og inn- og utover Førdefjorden. Turen er godt merka, og til tross for at det er bratt så er det lettgått terreng heile vegen. Utforsk Vindkjegla for ein flott tur med flotte naturopplevingar. 

8. Dagsturhytta i Naustdal: Steinkorshytta

Ta ein tur til dagsturhytta i Naustdal, som ligg plassert på fjellet Steinkorsen. Etter ein flott tur opp på fjellet, kan du slå deg ned ved sidan av det idylliske vatnet og nyte medbrakt nistepakke. Etterpå kan du sette deg inn i hytta og plukke ei bok frå hyttebiblioteket og berre nyte stillheten i fred og ro. Om du har meir energi i kroppen kan du gå vidare til Blåfjellet, som er den høgste toppen i Naustdal. 

© Edith Holme Smådal

9. Smådalsnipa

Smådalsnipa er ein flott fjelltur i Åsedalen i Naustdal. Turen startar på behagelig grusveg som ledar deg til idylliske Stehoggestølen. Vidare tek stien deg oppover, tydelig opptrakka hele vegen, med vardar som viser veg frå stølen til toppen. Opplevelsen er prega av ei jevn og behagelig stigning, som gir deg muligheten til å nyte turen i ditt eget tempo, eller til og med sette litt fart om du vil det. Med startpunktet allerede høgt oppe, på 440 meter over havet, er den totale stigninga på rundt 500 meter, noko som gir deg ein utfordrande, men overkommelig fjelltur. Undervegs blir du belønna med spektakulær utsikt mot Førdefjorden, Storehesten og Heilevangsstaurane.

10. Kletten

Kletten er flittig besøkt av dei lokale i Naustdal, eit beskjedent, men fantastisk utkikkspunkt. Ta deg opp til toppen, 269 meter over havet, og la deg fange av den vidstrakte utsikta mot vest. Naturen utfoldar seg framfor deg, med fjordar, dalar og fjelltoppar. Fjellet går rett opp frå havnivå og det er dermed ein ganske bratt tur, men det er verdt strevet når du får den fantastiske utsikta over Naustdal som belønning på toppen. Om du ønsker ein lengre tur kan du følge stien vidare innover mot Svistølen, her kan du ta ein flott rundtur som gir deg mykje variert turterreng og fin utsikt innover Førdefjorden.

Finn meir inspirasjon til ting å gjør i Naustdal og omegn