Hopp til hovedinnhold

Fjellro er ei av dei fire dagsturhyttene i Sunnfjord kommune, og ligg på Hjellasva, litt over halvvegs langs stien mellom Skei og Fygladalen. Frå hytta har du ei flott utsikt over Jølstravatnet og dei vakre omgjevnadene rundt.

Korleis komme seg til Fjellro?

Turen startar frå sentrum på Skei, og det tek om lag 30–60 minutt å gå opp til hytta, avhengig av tempo. Stien er lett tilgjengeleg og passar for dei fleste som ønskjer ein kort og fin tur med ei flott belønning på toppen.

Kven passar turen for?

Fjellro er eit lågterskeltilbod for alle som vil nyte naturen, ta ein pause eller ete matpakka si i ly for vêr og vind. Inne i hytta finn du vedomn og eit nynorsk turbibliotek med bøker for både store og små - perfekt for ei roleg stund før turen går vidare eller tilbake til Skei. Det er ikkje mogleg å overnatte i hytta

Sesong for turen til Fjellro

Dagsturhytta er ope heile året, og det er difor mogleg å gå turen heile året. Vær oppmerksam og trå forsiktig når det er is og snø på bakken.

Om dagsturhyttene

Dagsturhyttene er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune (tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune), Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane. Dei er opne for alle og inviterer til gode naturopplevingar året rundt.

Tider

august 2026

26. august

Dagsturhytta er ope heile året, og det er difor mogleg å gå turen heile året. Vær oppmerksam og trå forsiktig når det er is og snø på bakken.

Kontakt

Adresse:
  • Skei i Jølster
E-post:
mail@fjordkysten.no

Fasiliteter

Barnevennlig:

Hvor er Dagsturhytta i Jølster - Fjellro