Eit eventyr du ikkje kan google. Luksus og overraskingar – skreddarsydd berre for deg
Tenk deg at du slepper taket, skrur av mobilen og let andre skape opplevinga for deg. Resultatet? To dagar med luksuriøst eventyr og overraskingar du ikkje finn på Google.
Alt startar med bestillinga. Etterpå får du eit spørjeskjema, slik at maten, drikka, aktivitetane og stemninga vert skreddarsydd til dykk.
Kva skjer vidare?
Det får de først vite når de er midt i det.
Kva er inkludert i denne mystiske pakken?
- To netter i ei av Jølstraholmen sine eksklusive suiter
- All mat, snacks og drikke - tilpassa dykk
- Tilgong til alle aktivitetar - pluss nokre som aldri har vore annonsert
- Eksklusive opplevingar som du ikkje finn på nett
- Overraskingar frå start til slutt
Dette er meir enn eit opphald - det er ei reise gjennom smakar, aktivitetar og ujålete luksus, der berre fantasien set grenser. To dagar er alt som skal til for å skape minner som varer.
Praktisk info
- Pakken har avgrensa tilgjengelegheit
- Kan berre bestillast på Jølstraholmen sine eigne sider
- Må bestillast minimum ei veke før ankomst