Moster Amfi, der historia blir levande
På Moster Amfi kan du oppleva historia om då kristenretten vart innført i Noreg, og besøkje Olav Tryggvason si kyrkje – Moster gamle kyrkje, ei av dei eldste steinkyrkjene i landet.
Ifølgje Snorres kongesoger var Moster på Bømlo den første staden Olav Tryggvason gjekk i land då han kom til Noreg i år 995 for å krevja kongetrona og innføra kristendommen.
Nokre år seinare, i 1024, kom Kong Olav den Heilage til Mostratinget og presenterte kristenretten for første gong i landet – lovverket som la grunnlaget for vårt moderne rettssystem.
Her på Moster har denne historia blitt levandegjort gjennom Moster Amfi og Moster-spelet, som sidan 1984 har fortalt soga om kongebesøka og kristninga av Noreg. I 2016 fekk spelet nytt liv med urpremieren på «I slik ei natt», regissert av Svein Tindberg og produsert av Bømlo Teater.
Dei to Mostraspela skildrar dramatiske brytingstider i Noregssoga, då Moster stod i sentrum for viktige historiske hendingar.
I nokre timar vert publikum dregne attende i tida, og blir vitne til korleis desse store omveltingane i samfunnet også sette sine spor i einskildmennesket.
Nasjonalhistoria vert gjort levande på historisk grunn av Bømlo Teater, som har sett opp desse sogespela sidan 1984.
«Kristkongane på Moster» av Johannes Heggland hadde premiere i 1984 og vart vist kvart år fram til 2013 og i 2015.
«I slik ei natt» av Svein Tindberg hadde premiere i 2016. I over 30 år har Bømlo Teater samla nesten 100 aktørar og musikarar på utescenen til historiske dagar i Moster Amfi for å framføra Moster-spelet.
I år, 2026, er det 10 års jubileum og spelet "I slik ei natt" blir sett opp 4. - 6. juni: les meir her.
Stykket blei i 2024 framført under jubileumsfeiringa «Moster 2024».
Opningstider
Moster Amfi har ope på førespurnad ettermiddag/helg heile året.
Opningstider frå 19. mai 2026:
Tirsdag: kafè- og biblioteksdag kl. 11:00 – 15:00.
Onsdag, torsdag og fredag: kl. 10:00 – 14:00 - då kan du besøke utstillingane «Frå heidendom til kristendom», «Steinriket Bømlo» og «Frå makt til rett – kven har makt?»
Ta kontakt med Moster Amfi for nærare info!
Sjå nettsida til Moster Amfi for program og opningstider.
Utstillingar
Inne i Moster Amfi ligg utstillinga «Frå heidendom til kristendom», ei tankevekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing.
Her finn du òg bergverksutstillinga «Steinriket Bømlo», som skildrar Bømlo si spennande bergverkshistorie.
Lokale og arrangement
I Amfisalen blir det heile året arrangert intimkonsertar, teater, utstillingar, foredrag og selskapsarrangement.
I Amfikafeen vert det servert blant anna vikingsodd og nysteikte vaflar.
