Hopp til hovedinnhold
Bestill

Sjøbris Adventure ønsker velkomen til ei velgjerande oppleving som kombinerar varmen og avslapninga frå ein tradisjonell sauna med det vakre kystlandskapet i Måløy-området.

Flyt Sauna ligg skjerma til i tilknytning til eit gamalt naust på kaikanten i Vågsvåg. Naustet og kaiområdet er til disposisjon for gjestar av saunaen.

Veksle mellom den varme saunaen og ein forfriskande dukkert i kaldt sjøvatn. Frå kaia er det tilrettelagt med badestige og badelys.

Denne opplevinga vil stimulere sansane dine og etterlate deg med ei kjensle av velvære.

Opningstider og kapasitet

Flyt Sauna Vågsvåg er open kvar dag heile året mellom 09.00-21.00, og kan bestillast av alle over 18 år.

Flyt Sauna Privat

Flyt Sauna Privat kan bestillast for grupper på inntil 8 personar, ein vil då ha heile saunaen for seg sjølv.

Flyt Sauna Drop In

Flyt Sauna Drop In kan bestillast av enkeltpersonar kvar tysdag kl.16.30, kl.18.00 og kl.19.30, ein vil då måtte dele saunaen med fleire (inntil 6 personar).

Bestilling og betaling

Kvar bestilling gjeld for 1,5 time, dette inkluderar tid til av- og påkledning.

Bestilling og betaling på booking.sjobrisadventure.no minimum 4 timar før ønska tidsrom, eller 2 timar før om du gjer avtale direkte på telefon +47 952 44 993.

Korleis komme seg til Flyt Sauna

Flyt Sauna ligg i Vågsvåg 6 km utanfor Måløy.

Køyr sørover frå Måløy sentrum i retning Oppedal. Når du kjem til Vågsvåg tek du av til venstre ned til naustet som ligg ved sjøkanten eit kort stykke før du kjem til busshaldeplassen i sentrum av bygda. Det er ein noko krass sving ned frå hovudvegen så det kan vere lurt å køyre til busshaldeplassen og snu først.

Det er tilrettelagt med parkering for gjestar på framsida av naustet.

Gå gjennom naustet for å kome til saunaen.

Sjøbris Adventure

Se alle tilbudene til Sjøbris Adventure

Tider

Opningstider

Ukedager:
09:00–21:00
Lørdag:
09:00–21:00
Søndag:
09:00–21:00

Priser

Privat 1-2 personer:
NOK 600
Privat 3 personer:
NOK 700
Privat 4 personer:
NOK 850
Privat 5 personer:
NOK 1 050
Privat 6 personer:
NOK 1 250
Privat 7 personer:
NOK 1 350
Privat 8 personer:
NOK 1 500
Drop In per person:
NOK 150

Kontakt

Adresse:
  • 6700 Måløy
Telefon:
+47 952 44 993
E-post:
post@sjobrisadventure.no
Nettside:
www.sjobrisadventure.no/

Fasiliteter

Badstu:
Barnevennlig:
Parkering:
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Hvor er Sauna ved sjøkanten i Vågsvåg - Sjøbris Adventure?