Hopp til hovedinnhold

Parkeringsplassen i Solheimsdalen er eit av dei mest brukte
utgangspunkt for turar i Tysnesfjella både sommar og vinter.
Turen går gjennom bjørkeskog til over skoggrensa med lyng
og brake, der ein får kjensle av høgfjellsvidde.

Tysnessåto, 753 moh. er den høgste toppen i Tysnes med flott utsikt i alle retningar.
Frå Grovatnet er det mogeleg å gå vidare mot Breistølen og Vasstøl.

Gode råd

Nokre våte parti, bruk høvelege sko.

Lengde

20 km t/r, 3 timar opp.

Høgdeskilnad

280 - 753 moh.

Turen startar med lett stigning etter traktorveg om lag 2 km
før den tar av til venstre på stig opp Malkenesdalen der den
på om lag 550 moh. flatar noko ut innover Såtefjellet til foten
av Tysnessåto. Den siste oppstigninga til Såta er relativ bratt.
Varde med besøksbok.
Herifrå kan ein alternativt følgje stig ned til Grovatnet og vidare
derifrå til ein når skogsvegen tilbake til Solheimsdalen.

Det fins også andre alternative turar til Tysnessåto. For eksempel turen frå Solheimsdalen via Grovatnet til Tysnessåto, eller frå Dalen via Gjerstadstølen til Tysnessåto.

Kontakt

Adresse:
  • Rådhuset
  • 5685 Uggdal
Telefon:
53 43 70 19
E-post:
post@tysnes.kommune.no
Nettside:
www.tysnes.kommune.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
Total stigning:
  • 473m
Avstand:
  • 20km
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)

Hvor er Tursti Solheimsdalen - Malkenesdalen - Tysnessåto?