Ein startar turen til Brandasund på Svortland. I  Hollundskjosen (rundkøyringa)  tek du til venstre mot Brandasund. Etter 1,5 kilometer kjem ein til Urangsvåg med ei lun båthamn. Fylkesvegen nordover til Brandasund er variert og morosam å sykla, smal og kupert i somme parti. Vegen går over fleire øyar med bruer mellom, og det er god sikt utover skjergarden. Det er fleire fine stadar å ta ein avstikkar til på vegen til Brandasund, som tildømes Katla og Skinnhueneset. På øya Torgjo (Torget) haldt "Nillo på Skjèret" til. I dag er det etterkommarane hennar som driv landhandelen. No er det berre halvannan kilometer att til du er framme i Brandasund og havet omslyngar deg nesten på alle kantar. Framme i idylliske Brandasund finn du tettbygde, kvitmåla hus som ligg midt i leia for båttrafikken. Her er det høve å få seg noko å eta. Av andre godbitar finn me eit lite utsal for filta og tova ullprodukt og ein treskjerar som tryllar fram det meste innan faget.

Det kan og tilrådast ein spasertur til Brandasundsåta når ein er her ute i havgapet. Om lag 20 minuttar tek det til denne toppen som verkeleg gjev deg kjensla av å vera kongen på haugen.

Du fylgjer same vegen attende til Svortland. Ruta har ei totallengd på 32,9 kilometer og ein høgdeskilnad på 58 meter.

Kontakt

Adresse:
  • 5423 Brandasund
Telefon:
+47 53 42 30 27
E-post:
Nettside:

Hvor er Svortland - Brandasund (33 km.)?