Et merkeikon

Velvære

Draumeweekend i Florø

Opplev småbyidyllen i den sjarmerande kystbyen Florø, senk skuldrane og kople ut med denne pakken frå Quality Hotel og Kinn Bryggeri. Omkransa av den vakre skjergarden med sine små og store øyer i havgapet er moglegheitene mange for aktivitetar med eit maritimt preg. Quality Hotel har ei nydeleg plassering i vasskanten av kystbyen Florø som gir ei storslagen utsikt over fjord og fjell. Her vil du få den ideelle atmosfæren for ei avslappande helg!  BESTILL HER E-post til: q.floro@choice.no ​​​​Tlf: 57 75 75 75 HØGDEPUNKT - 3-retters middag med lokalt preg  - Øl planke på Vesle Kinn  - Småbyidyll i den sjarmerande kystbyen Florø  PROGRAM Fredag  Innsjekk  Laurdag 18.00 Ølfjøl på Vesle Kinn. Vesle Kinn er Kinn Bryggeri sitt testbryggeri og ølkafé. På Vesle Kinn kan de kikke inn i gjæringsrommet, sitte blant eikefat fylte med øl og prøve ei smaksplanke med 4 forskjellige Kinn-øl.​​​​​​ 18.00-22.00 3-retters meny på Restaurant Bryggekanten (Gje beskjed til resepsjonen kvar tid de ønskjer middag)  Søndag Frukost Nyt ein sein utsjekk slik at du kan utforske meir av Florø før du reiser. Vi anbefaler desse aktivitetane:  - Besøk Kystmuseet mellom 12.00 - 15.00  - Ta ein rundtur i den vakre skjergarden med rutebåt 14.30. Rutetider finn du på Fjord1.no - Gå deg ein tur rundt ein av dei flotte turløypene i byen. Bykart får du i resepsjonen.  PRISAR Lengde på opphald: 2 netter Sesong: Heile året, fredag – søndag Inkludert i pakken: 2 netter på Quality Hotel Florø, ølsmaking med 4 ulike øl og 3-retters middag med lokalt preg på Restaurant Bryggekanten.    Pris: 2395,- per person Tillegg for enkeltrom: 500,- per døgn MENY PÅ RESTAURANT BRYGGEKANTEN Laurdag Varmrøykt Laks fra Svanøy Røykeri blomkålsuppe-ørretrogn-sprø rotfrukter *** Hjort fra Norsk Hjortesenter på Svanøy selleri-rødbet-rosenkål-løk-kantarellsjy-småpotet *** Sjokolademarquise sprø havretuille-bringebærsorbet BESTILL HER E-post til: q.floro@choice.no ​​​​Tlf: 57 75 75 75 REISE TIL FLORØ Frå Bergen Med rutebåt: Ta ekspressbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen til Florø. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. Det er 3 minutt å vandre frå Florø kai til Quality Hotel Florø. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn "Frå: Strandkaiterminalen, Bergen" og "Til: Florø kai".  ​​​Med fly: Reis med fly frå Widerøe i 30 minutt frå Bergen til Florø. Ta taxi (5 minutt) eller buss (10 minutt) frå Florø lufthamn til Quality Hotel Florø i sentrum. Sjå en-tur.no for rutetider for kollektivtransport ved å leggje inn «Frå: Bergen lufthavn» og «Til: Flora samfunnshus». Du kan kjøpe flybillett på wideroe.no. Bussbillett kjøper du om bord i bussen. Frå Oslo Reis med fly frå Widerøe i 1 time og 10 minutt frå Oslo til Florø. Ta taxi (5 minutt) eller buss (10 minutt) frå Florø lufthamn til Quality Hotel Florø i sentrum. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn «Frå: Oslo Lufthavn» og «Til: Flora samfunnshus». Du kan kjøpe flybillett på wideroe.no. Bussbillett kjøper du om bord i bussen. Frå Askvoll Ta ekspressbåt frå Askvoll til Florø. Det er 3 minutt å vandre frå Florø kai til Quality Hotel Florø. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. ​​Sjå en-tur.no ​​​​​​for rutetider ved å leggje inn "Frå: Askvoll kai, Askvoll" og  "Til: Florø kai".  ​​​Frå Kalvåg Ta buss frå Kalvåg til Smørhamn, ekspressbåt frå Smørhamn til Florø. Bussbillett kan kjøpast om bord i bussen, og billett til ekspressbåten kan kjøpast på norled.no.  Det er 3 minutt å vandre frå Florø kai til Quality Hotel Florø. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn "Frå: Kalvåg Knutholmen" og "Til: Florø kai".  BESTILL HER E-post til: q.floro@choice.no ​​​​Tlf: 57 75 75 75