Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart

Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & Sunnmøre

Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.

Området er lett tilgjengeleg både frå lufta, havet og langs bakken. Og har du først kome hit, er det mange stader å besøke, og mange skjulte perler. Ålesund er knutepunktet for store delar av Sunnmøre og det er fleire gode måtar å reise på. Ei rekke selskap tilbyr og utleige av bil, buss, båt og sykkel.

Reiseplanleggaren – finn dine favorittaktivitetar og planlegg turen

Enten du veit kva du vil, eller treng inspirasjon, så er Reiseplanleggaren ein god start. Her får du tips og idear, og du ser enkelt avstand og reisetid mellom stader og aktivitetar. Reisetida er basert på bil.

Med bil

Mange vegar fører til Ålesund & Sunnmøre, og turen i seg sjølv er ei vakker og innhaldsrik oppleving. Her er nokre tips på vegen:

  • Dei fleste fergene går ofte, men søk på ruta her på www.frammr.no 
  • Køyrer du El-bil, då treng du sikkert informasjon om ladestasjonar mm.
  • Vinterstengde vegar og fjellovergangar frå Statens Vegvesen
  • Nyttig informasjon når du reiser med personbil eller bobil, for eksempel bomstasjonar, tømeplasser, lover og regler mm.

Frå Oslo følger du E6 til Dombås, og vidare E136 gjennom Romsdalen til Åndalsnes. Alternativt ta E6 til Otta og videre med Riksveg 15 over Strynefjellet til Stryn og vidare til Ålesund, eventuelt frå Grotli til Geiranger via FV63.
Frå Trondheim
køyr E39 via Orkanger til Ålesund. Alternativt E6 til Dombås, og vidare E136 gjennom Romsdalen.
Frå Bergen
er der og fleire ruter, der E39 er hovudvegen mellom fjordane. Alternativt følger du E39 til Byrkjelo og tek vidare Rv60 forbi Olden og Stryn mot Ålesund.

Med buss og offentleg transport

Ekspressbusstenesta er omfattande i heile regionen med gode samband til/frå Oslo, Bergen og Trondheim. I tillegg går FRAM Ekspress regelmessig mellom Volda, Ørsta, Ålesund, Molde og Kristiansund. Bussruter, billettar og informasjon om ruter på heile Sunnmøre finn du her hos www.frammr.no. Du kan også søke på Entur for offentlig transport i heile landet.

Med båt

Hurtigruten og Havila Kystruten kjem til Ålesund dagleg på nord- og sørgåande rute. I periodar på vår og haust går nordgåande rute også til Geiranger og Hjørundfjorden.

Med tog

Tog til Åndalsnes frå Oslo og Trondheim via Dombås. Busskorrespondanse vidare til Ålesund. Finn togtider hos Entur og busskorrespondanse vidare med FRAM.

Med fly til Ålesund og Ørsta

Ålesund Lufthavn Vigra ligg om lag 20 minutt frå Ålesund sentrum, og har gode samband til/frå inn- og utland. Bestill billettar hos SAS, Widerøe, Norwegian, Discover Airlines, KLM og WizzAir.
Flybussen går til flyankomstar og flyavgongar til/frå Moa og Ålesund sentrum.

Ørsta/Volda lufthamn Hovden har òg gode innanlands samband med Wideroe.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement