Hopp til hovedinnhold

Ei fredeleg ferd langs verna vassdrag, fossar og ein stille fjordarm. Her kan barn og vaksne oppleve aurefiske på sitt beste, og vandre på fine stiar langs fossar og stryk. Her er det også tilbod om å leige båt og kano, samt gode tilhøve for dei som likar å vandre i fjellet. Vegen går langs ein arm av verdas lengste fjord, Sognefjorden, før den smyg seg opp dei bratte dalsidene mot fjellet. Vegen vidare følgjer det verna Gaularvassdraget som er kjent for sine mange fossefall, men som også har stryk og rolege fjellvatn. Langs delar av vassdraget er det bygd ein fossesti for å gjere dei sjåverdige partia meir tilgjengelege. På vegen er det gode mulegheiter til å ta turen vidare til Førde og oppleve shoppinghovudstaden i fylket.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Gaular

Kommende arrangementer