Skånevik ligg i nærheten av Åkrafjorden, i Etne kommune. Når du kjem til Skånevik er det fort gjort å bli fascinert av dei vakre trehusa som ligg langs den hyggjelige sentrumsgata. Å rusle ein tur i sentrum er å anbefale. I sentrum er det både er bakeri, museum og butikkar.
Bluesbygda
Skånevik er også kjent som Bluesbygda. Kvar sommar blir festivalen Skånevikblues arrangert her. Både internasjonale og nasjonale namn står på programmet dei dagane i juli det er festival.
Pippifestivalen, ein populær barne- og familiefestival finn også stad her ei langhelg i juli kvart år.
Fjordhotell og Peparen
Midt i sentrum ligg det hotell, som tilbyr overnatting og mat samt legg også gjerne til rette om noko skal feirast. Like over vegen for hotellet ligg den vesle øya Peparen. Du kan gå over bru til øya like i sentrum. Her er det tilrettelagt for med benker, bord og for bading.
Ein flott plass for gode opplevingar.
Skånevik er også eit flott utgangspunkt for turar i fjellet. På den historiske postvegen mellom Skånevik og Etne er det utsikt over både Etne, Skånevik og heilt om Ulvanosa i Kvinnherad.
Kome seg til Skånevik
Det er både ferjekai og hurtigbåtkai midt i sentrum. Ferja går mellom Matre – Utåker og Skånevik. Hurtigbåten går også til Skånevik med stoppestad på Fjelberg, Sunde, Ranavik og Leirvik. Herifrå er det forbindelse til Flesland og Bergen. Du kan også reise med buss.
Kjem du med eigen båt er det gjestehamn i Skånevik.