Hopp til hovedinnhold
Bestill

Her finn du tretopphyttene

Himmelhyttene består av ei hytte som ligg om lag 180 meter over havet og byr på ei fantastisk utsikt vestover – mot havet, Bømlo og Stord lufthamn på Stokken.
Ni meter over skogbotnen, mellom trekronene, finn du tretopphytta Ørnablikk – ei av dei største tretopphyttene i Noreg!

Mellom fjord, fjell og villmark

Tretopphytta ligg på Dyvikesåto på Stord, midt mellom Bergen og Haugesund. Her får du panorama over vestnorsk skogsvillmark, fjell, fjord og hav. Frå hytta kjem du tett på naturen – du høyrer fuglane, kjenner lukta av skog og får oppleve dyrelivet heilt nært.

Ørnablikk – nær naturen

Hytta har fått namnet Ørnablikk. Her ser du naturen under deg frå ørna sitt perspektiv – og med litt flaks får du sjå ei ørn som svevar majestetisk over trekronene utanfor vindauget.
Når kvelden fell på, kan du nyte utsikta mot himmelen og stjernene gjennom dei store takvindauga – ei magisk oppleving når natta senkar seg over skogen.

Fasilitetar

Hytta har ein luftig veranda med sitjeplassar, grill og fuglebrett. Ho er vinterisolert og vedfyrt, og har kjøkkenkrok med komfyr og kjøleskap.
Her finn du alt du treng for ei komfortabel og stemningsfull oppleving i tretoppane – midt i naturen, året rundt, for deg og dine!

Overnatting

Tretopphyttene har plass til 9 personar. Det er 3 dobbelsenger, og dersom hytta er full, kan sofabenkane nyttast som ekstra soveplassar.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Priser

Pris pr natt mandag-torsdag, opp til 4 personar:
NOK 2 900
Pris pr natt fredag-søndag, opp til 4 personar:
NOK 3 500

Kontakt

Adresse:
  • Stokkavegen 15
  • 5410 SAGVÅG
Telefon:
+47 928 13 994
E-post:
marg-ot@online.no
Nettside:
www.himmelhyttene.com/

Fasiliteter

Bad:
Kjøkken:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter
Unik overnatting:

Hvor er Himmelhyttene