Hopp til hovedinnhold

Den tofarga hummaren er så sjeldan at det er snakk om ein odds på 1 til 50 millionar. Det var hausten 2020 at hummarfiskeentusiasten Thomas Løvald fekk den spesielle hummaren for første gong. Akvarist og driftsleiar Rune Veiseth ved Atlanterhavsparken fekk snusen i den sjeldne fangsten og kontakta personleg den engasjerte hummarfiskaren i Larvik.

- Eg tenkte at den hadde det vore spennande å få kloa i.

Rune Veiseth, akvarist og driftsleiar Atlanterhavsparken

Fanga for andre gong

- Hummaren hadde utvendig rogn då han vart fanga, og ifølgje regelverket skal han då sleppast ut igjen i sjøen. Ein har ikkje lov til å ta han i land.

Derfor hadde hummarfiskaren nettopp sett den fri i sjøen igjen då telefonen frå Veiseth kom.

- Eg berømte han for å ha gjort det rette, men sa at vist han mot for modning fekk tak i han igjen, skulle me ved Atlanterhavsparken greia å få ein dispensasjon for å ta han opp på lovleg vis.

Rune Veiseth, akvarist og driftsleiar Atlanterhavsparken

Stor merksemd i media

Den joviale hummarfiskaren i Larvik forstod han hadde gjort ein tabbe ved å sleppa han ut igjen. Bileta han hadde teke av hummaren fekk stor mediemerksemd, og det var mange som ville ha tak i den spesielle hummaren. Området vart fylt av hummarteiner og lokale dykkarklubbar som var på jakt etter den store sensasjonen.

Stor jubel

To år seinare dreg sonen Ludvik Løvold opp den same hummaren til pappa Thomas sin ekstase. Berre 300 meter frå der han vart sloppen ut av familien to år tidlegare.

Då stod jubelen i taket også hos Atlanterhavsparken. Løvold-familien tok langhelg, og køyrde frå Larvik til Ålesund for å overlevera hummaren.

Familien Løvald fekk den heilt sensasjonelle hummaren for andre gong.

Spent på framtida

- Den hadde nok ikkje skifta skal på 2-3 år. Då me fekk hummaren hit var me nøye med å ha den i forholdsvis kaldt vatn for å ikkje trigga fram eit skalskifte. Då kunne me behalda rogna dersom den skulle vera befrukta. Viss ikkje måtte den bli befrukta på nytt for at me skulle kunna sjå kva som skjedde vidare, fortel ivrige Veiset ved Atlanterhavsparken.

Nord-Europas mest unike akvarium

I Atlanterhavsparken i Ålesund kan du sjå livet i sjøen på nært hald og læra meir om norsk havfauna. Studer fiskar og andre unike sjødyr og hels på sel, oter og pingvinar.

Atlanterhavsparken ligg i sjøkanten på Tueneset, berre 7 minutt frå Ålesund sentrum. Som ein avstikkar frå bylivet kan du sjå dyr som lever i ekte norske natur, og ta ein nærare titt på det største utandørs bassenget for sel i Europa.

Heilt nytt Vitensenteret

I det nyopna Vitensenteret kan ein læra om nøkkelartane langs norskekysten og få ny kunnskap om havet. Det unike Vitensenteret inviterer til læring gjennom utforsking og leik, og skapar stor entusiasme blant barn og unge når dei på nye måtar får oppdaga livet i havet.

Les meir om Atlanterhavsparken og sjå opningstider her >

Overnatting i Ålesund

Vil du ha tips til ting å gjer i Ålesund?

Vårvibber i Møre og Romsdal

Noen ting får du kun én gang i året - vær her når det skjer!

Finn ut mer

Relaterte saker