Din base for eventyr i Sunnhordland
Camp Ålfjorden – Sveio
I naturskjønne omgjevnader ved Ålfjorden finn du Camp Ålfjorden – ein moderne campingplass perfekt for bubil, campingvogn og telt. Her kan du slappe av ved sjøen, eller leggje ut på turar i dei vakre omgivnadene. Plassen er eit flott utgangspunkt for aktivitetar både på land og sjø.
Valevåg Camping – Sveio
Valevåg Camping, ein triveleg plass med kort veg til både sjøliv og fotturar, og ei varm, lokal stemning. Dette er plassen for deg som vil kjenne på det ekte vestlandslivet, tett på naturen.
Langenuen Motell & Camping - Stord
Langenuen på Stord ligg idyllisk til ved fjorden Langenuen, midt mellom Bergen og Stavanger. Her kan du bu i hytter, motellrom eller på bubil- og teltplassar med tilgang til moderne fasilitetar. Campingen er perfekt for fiskeentusiastar, barnefamiliar og reisande på E39 som vil kombinere komfort med naturopplevingar.