Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Toppattraksjoner

Geirangerfjorden

Hele året
Sist oppdatert: 15.03.2024
Geirangerfjorden sett fra den gamle fjellgården Skageflå, med utsikt over til fossefallet De syv søstre
Nydelige Geirangerfjorden og fossefallet de Syv søstre. |© Paul Edmundson
Nydelige Geirangerfjorden og fossefallet de Syv søstre. |© Paul Edmundson

Geirangerfjorden er ein av Noregs mest kjende naturattraksjonar, og strekk seg 15 km mellom Hellesylt og Geiranger i Stranda kommune.

UNESCO Verdsarv

Geirangerfjorden er ei arm av eit større fjordsystem som strekker seg heilt ut til Ålesund. Geirangerfjorden er 260 meter på det djupaste, mens dei bratte fjella rundt er opp til 1600-1700 meter over havet.

Saman med Nærøyfjorden, representerer Geirangerfjorden og området rundt, det vestnorske fjordlandskapet på den eksklusive verdsarvlista til UNESCO. Årsaka til at Geirangerfjorden er på denne lista, er det eksepsjonelle naturlandskapet med fossar, bratte fjell, spesielle naturfenomen og dyreliv både på land og under vatn. Dette unike landskapet er viktig å ta vare på for ettertida, og store delar av området er difor verna.

En fritidsbåt med tre mennesker som ligger på fjorden foran et fossefall, og et er et annet fossefall på andre siden også.
Den beste måten å se fjorden på er fra en båt!|© Fred Jonny Hammerø / Møre og Romsdal fylke

Langs fjorden kan ein sjå spor av gardar høgt oppe i dei bratte fjellsidene. Alle gardane er fråflytta, men mange er restaurert, og er viktige kulturminne som fortel om korleis det var å leve her. Frå bygda Geiranger kan ein ta båt ut til Skagehola og gå den bratte stien opp til Skageflå som er den mest kjende av gardane. Her får du ei makelaus utsikt til fjorden og dei mange fossefalla. Den mest kjende fossen er «De syv søstre».

Fossen de syv søstre og Geirangerfjorden.
De syv søstre og Knivsflå.|© Lars Korvald

Geirangerfjorden året rundt

Alle fire årstider har sin unike karakter. Frå sildrande bekkar og blomstrande frukttre om våren, til brølande fossefall og grønkledde fjellsider om sommaren. Når hausten kjem og fargar fjellsidene i oransje, gult og raudt skiftar fjorden lynne, og blir nesten litt rolegare. Om vinteren så får vi det vakre blå fjordlyset ned mellom snødekte fjelltoppar til bygda der solstrålane knapt når ned midtvinters. Det blir sjeldan særleg kaldt så nær kysten, så det kan ofte vere nesten grønt nede ved fjorden, mens ein kan gå på ski eller truger oppe på fjellet.

Vandretur til Skageflå med guide

Vandretur til Skageflå med guide

Bli med til den fraflytta fjellgården Skageflå med retur over Homlongsetra. Turen er krydra med spennande historier fra gårdsdriften og unike utsiktspunkt i majestetisk natur. Lokale guider byr på kunnskap og historier om fjord, fjell og folk.

Kva kan ein gjere?

Norsk Fjordsenter er eit besøkssenter for verdsarven og her kan du lære om det unike fjordlandskapet. Senteret ligg midt i Fosseråsa som er Noregs første nasjonale turiststi. Fosseråsa startar nede ved fjorden, slynger seg opp langs elva og opp til Storsæterfossen som du faktisk kan gå bak. I tillegg kan du dra på fjordsafari med RIB-båt, du kan leige el-sykkel eller e-bil, teste grensene dine med å suse nedover på zip-line, eller berre ta ei spa-behandling, nyte god lokal mat og drikke. Kva med ein sjokoladebit produsert i Geiranger?

Besøk Norsk Fjordsenter

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Lær om det vestnorske fjordlandskapet, som står på verdsarvlista til UNESCO, på besøks- og formidlingssenteret Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Mektig foss

Nasjonal Turiststi – Fosseråsa

Fosseråsa startar i sentrum i Geiranger, og slynger seg opp til Storsæterfossen 550 meter over havet. Undervegs får du naturopplevingar tett på dei ville vasskreftene, lauvskoglier og kulturlandskap.

Utendørs basseng ved Hotel Union Geiranger

Union Bad & Spa i Geiranger

Union Bad & Spa er eit av Noregs beste spa. Her får du 1500 kvadratmeter med velvære kombinert med flott utsikt over Geirangerfjorden.

Kajakktur i Geirangerfjorden
© Tone Molnes

Korleis kome seg hit?

Vegen til Geiranger frå Ålesund er open heile året. Du kan ta ferja frå Linge til Eidsdal og følge Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen ned hårnålssvingane på Ørnevegen til Geiranger nede ved fjorden. Du kan også ta ferja frå Hellesylt til Geiranger heile året. Vegen over Grotli frå Lom eller Stryn er vinterstengd. Du kan også ta eit fjordcruise frå Ålesund heile året til Geiranger.

Related articles

Fjorder i Norge - de mest berømte fjordene

Fjorder i Norge - de mest berømte fjordene

I Norge finner du noen av de lengste, smaleste, dypeste og flotteste fjordene i verden, og det uberørte fjordlandskapet er til og med på UNESCOs verdensarvliste.

Fosseråsa i Geiranger - Spektakulær fossevandring

Fosseråsa i Geiranger - Spektakulær fossevandring

Vil du prøve en unik og annerledes vandretur? Ta turen til verdensarv-bygda Geiranger og gå landets første nasjonale turiststi. Turen er lett og godt tilrettelagt og kan enkelt gåes fra Geiranger sentrum.

Vinter i verdsarven

Vinter i verdsarven

Vil du oppleve den mektige verdsarven med frosne fossefall, snødekte fjell og det magiske fjordlyset? Då bør du besøke Geiranger i vinter. Gjennom den kalde, fine tida kan du no reise med båt frå Ålesund til den berømte UNESCO- verdsarvfjorden.

Høstens store eventyr – Ålesund, Sunnmøre, Nordfjord og Nordvest

Høstens store eventyr – Ålesund, Sunnmøre, Nordfjord og Nordvest

Høsten er den perfekt årstid for en rundtur fra Ålesund til Nordvest - med spektakulære farger i fjellet og fjorden og friluftsaktiviteter uten kø og venting.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement