Følg fjordane til tusenmeterstoppane
Vanylven er delt i små bygder, kvar med sitt eige særpreg. Fiskå, kommunesenteret, ligg på nordsida av Syltefjorden. Her finn du det meste av det du treng av butikkar og kan fylle opp før du tek turen vidare. Innover Syltefjorden ligg Sylte med grøne bøar heilt ned i fjæra, og like ved, på Slagnes, står Vanylven kyrkje frå 1863.
Kor mange toppar rekk du på ein dag? Frå parkeringsplassen på Røfsdalssætra ved Syvde går rundturen der du kan bestige dei fire tusenmeterstoppane Lisjeblæja, Blæja, Myrkevasstinden og Sandfjelltua, som alle ringar inn Blæjevatnet. Ruta er krevjande, med bratte stigningar, lett klyving og lange strekk på eggen der du ser ned på fjord og dal på begge sider. Ta med kart, nok mat og gode sko, og vel ein dag med stabilt vêr.
Vil du heller ha ein kortare tur, kan du gå opp til gapahuken på Tunheimshornet. Herifrå ser du utover Vanylvsfjorden mot Stadlandet, og i kveldssol er det lett å bli sitjande lenger enn planlagt.
Lengst nordaust, ved Rovdefjorden, ligg Rovde. Her har det truleg stått kyrkje sidan 1200-talet, og den kvite trekyrkja frå 1872 ser framleis ut over fjorden.