Hyllestad i Vestland er ein perfekt destinasjon for sykkelturar i spektakulær fjordnatur, med stille vegar, variert terreng og panoramautsikt over fjord og fjell. Dette er eit flott område for både korte dagsturar og lengre sykkelferiar. Her finn du etappeforslag for sykkeltur i Hyllestad.
Reis kollektivt til Hyllestad
Frå Bergen kan du enkelt reise kollektivt med ekspressbåt til Rysjedalsvika. Med utgangspunkt i Rysjedalsvika startar sykkelturen vidare langs Fv62 mot Indrefjord Gard, på rolege vegar med fjorden tett på. Her finn du autentiske gardsopplevingar med dyr, hestetilbod og moderne fasilitetar i naturskjønn omgjevnader. Bli med på guida ridetur, vær cowboy for ein dag, få ridetimer eller berre nyt dagen med dei flotte dyra på garden.
Etter ein dag på Indrefjord Gard syklar du tilbake til Rysjedalsvika og mot Hotel Sognefjord i Leirvik. Hotellet ligg heilt nede ved sjøkanten, og er eit perfekt stopp for ein matpause eller overnatting. Har du meir energi igjen etter dagen kan du ta ein spasertur opp til grillhytta på Øvre Heggebø, spele frisbeegolf på Haukås Frisbeegolfbane og avslutte kvelden med ein tur i saunaen.