Hopp til hovedinnhold

1. Topptur på spektakulære Lihesten

Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er mest sannsynleg ein av dei mest fotograferte fjella i vår region. Fjellet har mange forskjellige stiar og du kan bruke fleire dagar på å utforske. Ein rundtur langs opp til populære Gygrekjeften tek om lag 6-8 timer tur/retur. Likar du å klatre litt, så går du Nipestien opp til Gygrekjeften, ellers er sherpatrappene opp til 3-L stølane eit populært val. Høgaste punkt på Lihesten er Risnesnipa med 777 moh. Stiane kan vere krevjande, men utsikta på toppen er verdt alt strevet. Her er mange små, idylliske stader der du verkeleg kan oppleve fred og ro. Her er du garantert fjordutsikt!

Lihesten speglar seg i sjøen. Foto
Lihesten sett frå Hyllestad sentrum | © Visit FjordKysten og Sunnfjord

2.Familiedag i Kvernsteinsparken

Ta eit steg tilbake i tid og opplev Kvernsteinsparken, eit unikt utandørs museum i dei største kvernsteinsbrota frå vikingtid og mellomalder i Skandinavia. Her arbeidde steinhoggarar i generasjonar og tok ut kvernstein etter kvernstein. For kvernsteinen var livsviktig: utan han blei det verken mjøl eller mat.

Kvernsteinsparken byr på opplevingar for heile familien, med eit breitt spekter av aktivitetar. Prøv deg på kornmaling med ekte kvernstein, og bruk mjølet du lagar til å lage deig som kan steikast over open eld, akkurat slik dei gjorde det før i tida.

3. Gardsopplevingar på Indrefjord Gard

Ta med deg familien eller vennane dine til Indrefjord Gard, ein sjarmerande familiedriven gard, idyllisk plassert ved Lifjorden, og med utsikt mot majestetiske Lihesten. Her kan de oppleve eit autentisk gardsmiljø med mjølkekyr, hestar, ponnier, kaninar, gardskatt og hunden Mira.


ei jente klemmer på en ponni
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Indrefjord Gard byr på autentiske opplevingar og er eit ideelt reisemål for grupper som ønskjer eit nært møte med norsk landbruk og gardsliv.

Ei populær oppleving er å ta med hestane ned i fjæra, der ein kan vasse i sjøkanten, samlast rundt bålpanna med medbrakt mat og berre vere, i dykkar eige tempo.

tre hester er i sjøen. dei tre hestane har personer på ryggen. bak dei er det høge fjell. Foto
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Mange drøymer om cowboylivet frå tv-seriar som Yellowstone. På Indrefjord Gard kan du oppleve det på ekte. Ri gjennom opne landskap, samle kveg frå hesteryggen og kjenne fridomen tett på naturen. Med solnedgangen som bakteppe får du ei oppleving som tek deg langt bort frå kvardagen.

ein mann ser på sida frå hesten sin medan det går to kyr foran han. det er skog og gras rundt han
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

4. Besøk Hjertebladhagen

Hjertebladhagen er ei hage- og interiørbutikk utanom det vanlege, lokalisert i landlege omgjevnader i Skifjord i Hyllestad. Her kjem folk i alle aldre, hageinteresserte eller ei, då Hjertebladhagen er vel so mykje so ei oppleving som ein butikk.

I Hjertebladhagen kan du vandre rundt i hagen og oppleve salsvare i eit naturleg og frodig hagemiljø. Sette du deg ned på ein av dei mange sitteplassane i hagen kan du nyte den vakre utsikta over fjorden, og den herlege duften og synet av blomar, urte og grønsaksvekstar.

5. Utforske Hyllestads mange fjell og vandreturar

Å utforske fjell og natur er for mange ein naturleg del av det å vere nordmann. Når våren kjem og snøen smeltar, tek vi på oss tursko og legg ut på tur. I Hyllestad finn du varierte turar for alle, frå fjellturar til rolege vandringar langs fjord og sjø.

Hyllestad byr òg på idylliske vegar med lite trafikk, godt eigna for fotturar. Sørefjordhytta, Hyllestad si dagsturhytte, har vorte eit populært turmål. Ho ligg like ved stien til Hesjetinden og har flott utsikt mot Lihesten og utover Åfjorden.

Ei jente sitter inne i ein dagsturhytta. ho leser ein bok medan ho ser utover det mektige landskapet med grøne trær, vatn og eit mektig fjell som stikker opp. ho har beina på benken og lener seg inntil veggen
Sørefjordhytta | © Visit FjordKysten og Sunnfjord

6. På sykkel i Hyllestad

Planlegg du sykkelferie? Då er Hyllestad noko for deg. Du syklar på flotte landevegar gjennom idyllisk og vakkert landskap full av kulturhistorie. Kva med å kombinere sykkelturen med spanande kulturopplevingar?

I artikkelen på sykkel i Hyllestad finn du gode tips til kva du kan oppleve medan du syklar deg gjennom Hyllestad

7. Fossfossen

Like ved fylkesveg 57, nær den karakteristiske steinbrua på den Trondhjemske postveg finn du Fossfossen. Her fell vatnet ned gjennom eit frodig landskap og skapar eit stemningsfullt innslag i naturen

Ta gjerne turen og opplev Fossfossen på nært hald. Her er grusveg og parkering like ved fossen.

© FjordKysten og Sunnfjord

8. Utforsk Hyllestad frå kajakksetet

Ta deg ein tur mellom holmar og skjer langs hav og fjord, eller på flotte vatn i kommunen. Padling passar for dei fleste, gammal som ung, og du kjem tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplever.

to damer ser ut over vatnet. sitter på ein strand. ved siden av dei ligg det to kajakker
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

9. Kulturvandring i Hyllestad

Bli med på kulturvandring gjennom Hyllestad saman med Martha. Martha vaks opp i Hyllestad rett etter andre verdskrig og har budd her mesteparten av livet sitt. Ho viser deg «sitt» Hyllestad og fortel om barndomen sin, om spanande uteleikar, harde slåstkampar mellom gutar og jenter og ein farleg tur opp til Lihesten. Det var ei verd utan fjernsyn, med få bilar og telefonar og med krigen fortsatt friskt i minne. Det var eit liv der borna hadde mykje fridom og ordna seg sjølv, samtidig som dei måtte hjelpe dei vaksne som jobba hardt for å få endane til å møtast. Martha legg vekt på at det ho fortel er hennar versjon av korleis det var på Hyllestad den gongen. Andre har kanskje opplevd det heilt annleis. Løypa er ein rundttur med 8 stopp-punkt og er 2,7 km lang. Vegen er enkel å gå utan store stigningar.

Opplev historiske stadar og spanande historie gjort levande gjennom video- og lydfortellingar i lette kulturvandringsløyper langs FjordKysten. Ved hjelp av mobiltelefonen din lastar du ned fortellingane undervegs i løypa.

10. Hyllestad - eit eldorado for fiske og båtliv

Viss du likar å fiske har du kome til rett stad. Her kan du fiske frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar, og eit mangfald i geologi og plantedekke. Hyllestad er eit eldorado for fiskeentusiastar frå heile verda. Du kan velje om du ønskjer å vere med på ein guida fisketur, eller leige båt og reise på eiga hand.

Hyllestad ei fantastisk kystlinje med Sognefjorden og Åfjorden som munnar ut i storhavet. Med tusenvis av øyar, holmar og skjær har kystlinja vore livsnerven i Hyllestad gjennom hundrevis av år. Dra ein tur på sjøen og segl i farfedrane si led og opplev ein bit av rikdommen og historiene som er skapt i dette unike farvatnet. Leig ein båt og dra på eige hand, eller endå betre: ta turen med ein lokal guide.

Finn meir inspirasjon til reisa di