Hopp til hovedinnhold

Dette er ein variert, lettsykla tur som passer godt for ein weekend. Fjell- og fjordturen er lagt opp som ein rundtur frå Rosendal, men du kan og starte frå andre stader. Det kan vera best å følgje ruta den retninga me skildrar her, då stigninga over fjellet frå Omvikdalen er mindre krevjande enn frå Matre.

Hardangerfjordekspressen tek deg frå Bergen til Rosendal på under 2 timar. Kjem du dagen før, er det god tid til å oppleva baronibygda før du tek sykkelen fatt. På kaien ligg også Folgefonnsenteret. Her er det bl.a interaktive utstillingar der du finn informasjon om Folgefonna nasjonalpark, og kunnskap om naturen og aktivitetar rundt Folgefonnhalvøya. Putballbanen hos Rosendal Putballpark, der du kan spele fotballgolf, ligg i gåavstand frå sentrum. Det same gjer Steinparken, eit vakkert område langs elva som syner steinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark.

NB! Sykkelturen er ikkje eigna for barn.

Rosendal – Omvikdalen – Matre – Skånevik (26km)

Eit besøk på det vesle slottet Baroniet Rosendal, eller Kvinnherad kyrkje, bør du få med deg før du set deg på sykkelen. Sykkelturen over til Skånevik er ein flott etappe gjennom jordbruksbygda Omvikdalen.

Frå Rosendal sentrum følg rv. 48 sørover mot Uskedalen. Etter omlag 3,5 km kjem du til bensinsstasjon i Omvikdalen. Dette er siste moglegheit for å proviantere før turen over fjellet til Matre. I Omvikdalen finst fleire museumstun, til dømes Nistovetunet med røykestove frå 1700-talet og Hauahuset (Tvedt-stova). Desse vert opna på førespurnad. Det er 2 km svak stigning opp Omvikdalen, deretter ca. 10 km jamn stigning, før det vert bratt ned til Matre. Her er utsynet utover Matrefjorden fabelaktig. Ferja over frå Matre til Skånevik tek 25 minutt. I bluesbygda Skånevik går det føre seg mange aktivitetar heile sommaren. I Skånevik er det og mange fine badeplassar, og sentrum innbyr til ein koseleg spasertur.

Ein avstikkar av ruta kan gjerast ved å sykle Skånevikstranda til Etne, ei strekning på 26 km. Moglegheit for transport tilbake til Skånevik med lokalbuss. For fottur, prøv Postvegen frå Skånevik til Etne.

Skånevik – Valen – Husnes – Uskedalen – Rosendal (50 km)

Turen startar med ein 20 minutts ferjetur frå Skånevik til Utåker. Etappen byr på flott utsikt og nærkontakt med fjordlandskapet heile vegen. Du syklar gjennom frodige og vakre bygder og kan ta avstikkarar til mellom anna den flotte Handelandsdalen. Ved Sunde kan ein ein ta avstikkar med hurtigbåten til Halsnøy (Ranavik) eller Stord (for rutetider sjå Skyss). Vidare går ruta forbi Husnes, den største tettstaden i Kvinnherad. Her kan du velje om du vil køyre innom sentrum eller følgje rv. 48 forbi Opsangervatnet. Ta gjerne ein avstikkar til Herøysund (2 km), eit gammalt knutepunkt for dampskipstrafikken med husflidsalg og snikkarverkstad. I Uskedalen kan du vitje Bygdatunet Rød (ope etter avtale) og Haugland skulemuseum (ope etter avtale). Tilbake i Rosendal ventar Hardangerfjordekspressen som tek deg attende til Bergen. Om ein ønskjer å sykle over til Stord eller tilbake til Bergen kan dette gjerast over Tysnes. Sykkelturen kan og kombinerast med "Skjergardsturen" eller "Nordsjøsykkelruta". Ein kan og starte turen i Skånevik.

 

Tips

I Rosendal: Ta ein spasertur i Steinparken, eit hyggeleg område langs elva som viser steinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark. Baroniparken ligg og i gåavstand frå sentrum og innbyr kanskje til ein romantisk kveldstur? Eller prøv putball (fotballgolf), som er moro for små og store. I Skånevik: Ta turen over gangbrua til Peparen, middag på Skånevik Fjordhotell og rusle i gatene. Sett av tid til å oppleve eit fjordcruise med Åkrafjorden Oppleving og sjå ein av dei 10 kanskje vakraste fossane i verda, Langfoss (kåring CNN).

Kontakt

Adresse:
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
info@visitsunnhordland.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Fjord- og fjellturen sykkelrute (76 km)?