Hos Kinn Damp kan de bestille privat tid eller kome på drop-in for opptil 10 personar. Badstova har eit skifterom, og det er dusj på flåten. Koble deg på musikkanlegget og nyt ei herleg stund saman med vener, kollegaer eller familie. Kjensla av å sitje i ei varm badstove og deretter hoppe ut i den forfriskande Solheimsfjorden – det må berre opplevast!
Kor ligg Kinn Damp?
Kinn Damp ligg ved Florø Seilforening. Frå Florø sentrum går du FV548 mot Firdavegen. Følg denne vegen heilt mot Brandsøyvegen. Etter om lag 20-25 minutt kjem du til sjøen. Følg vegen mot Fureholmen og Florø Seilforening. Ved enden av Fureholmen finn du Kinn Damp. Det er også mogleg å parkere om du ønskjer å køyre dit.
Ofte stilte spørsmål
Må du ha med eigne handklede?
Ja, du må ha med handklede sjølve når du skal nytte badstua. Ein til å sitte på, og ein til å tørke av saltvatn viss du skal bade. Det er ikkje toalett tilknytta badstuen.
Er det mogleg å endre tidspunkt og antal personar?
Ja, det er mogleg å endre tidspunkt og antal personar. Ta kontakt med Kinn Damp.
Korleis få tilgang til badstua?
Døra til badstua opnar 15 minutt før booking. Den vil vere låst 15 minutt etter at bookingtida di har gått ut.
Kvar tid bør eg vere ute av saunaen?
Du må ha forlatt saunaen innan bookingtida di er gått ut slik at neste pulje får maksimalt ut av si bookingtid.