Spel golf heile året!
Stord Golfklubb byr på ei intim kvalitetsbane med 9 hol, par 68. Bana er slopet og byr på god variasjon med eitt par 5-hol, fem par 4-hol og tre par 3-hol.
Besøkande frå heile landet trekkjer fram at bana er både godt vedlikehalden og utfordrande å spela – noko som gjer ho til ein liten perle for golfentusiastar.
Golfbana finn du på Rommetveit
Golfbana ligg til på Rommetveit, berre sju minutt frå Leirvik sentrum, omgitt av vakker vestlandsnatur.
Anlegget har moderne fasilitetar som driving range med fleire utslagsmatter og ballautomat, minigolf, puttinggreen, golfsimulator og god parkeringsplass rett ved bana.
Klubbhus og fasilitetar
I klubbhuset finn du proshop med kiosk og toalett, samt moglegheit for utleige av køller og traller.
Klubblokala kan òg nyttast til kurs, møteverksemd, selskap og sosiale samlingar, og klubben legg gjerne til rette for firmaturneringar.
Reis verda rundt
Stord Golfpark inviterer deg òg til å «reise verda rundt» via sine tre topp moderne golfsimulatorar, der du kan spela på nokre av dei mest spennande banane i verda.