Hopp til hovedinnhold

Buss til, fra og i Møre og Romsdal

Ekspressbussar fraktar deg dag og natt frå Oslo, Bergen og Trondheim til blant anna Ålesund, Molde, Kristiansund, Åndalsnes, Ørsta/Volda og Ulsteinvik.

Rundt i regionen kjem du enkelt med buss. Ekspressbussen FRAM går mellom Volda, Ørsta, Ålesund, Molde og Kristiansund, og har tilknyting til blant anna Åndalsnes og Sunndalsøra.

Ruteinformasjon og billettar

entur.no – reiseplanleggjar og billettkjøp for buss, inkludert ekspressbussar, hurtigbåt og tog i heile landet. Last ned appen «Entur».

frammr.no – bussruter, billettar og informasjon for heile Møre og Romsdal.

FRAM tlf. 71 28 01 00 – FRAM-appen i App Store og Google Play

Kjøp gjerne billett på førehand via app eller nettsidene entur.no eller frammr.no. Du kan også betale med bankkort på enkelte bussreiser. Ver obs på at ein del langdistansebussar har krav om at du bestiller billett på førehand.

Kom rett til toppattraksjonane

På sommaren går det buss frå Ålesund, over Trollstigen mellom Åndalsnes og Geiranger. Sjekk rutetider her. Du kan også ta bussen på delar av strekninga. Hugs å bestille på førehand.

Du kan òg oppleve Atlanterhavsvegen med buss. Det går rutebussar frå Kristiansund, og nokre frå Molde, og nærmaste stopp er Vevang og Kårvåg. Ver obs på at dette er rutebussar. Dei stoppar ikkje for fotostopp, og stoppar ikkje på sjølve vegen. Sjekk rutetider på entur.no eller frammr.no

Elles går det bussar til jugendstilbyen Ålesund frå heile regionen, sjekk entur.no eller frammr.no.

Tog mellom Åndalsnes, Oslo og Trondheim

Opplev Europas vakraste togreise med Raumabanen mellom Dombås og Åndalsnes. Frå Oslo og Trondheim reiser du med Dovrebanen til Dombås, der du byter til Raumabanen.

Frå Åndalsnes stasjon er det busskorrespondanse vidare til Ålesund, Molde og Kristiansund. Togtidene er koordinerte med bussane.

Båt, hurtigrute, hurtigbåt og fjordcruise

Hurtigruten og Havila Kystruten kjem til Ålesund, Molde og Kristiansund kvar dag på både nord- og sørgåande rute. Torvik på Søre Sunnmøre er ein fast stoppestad. I periodar på vår og haust stoppar nordgåande rute òg i Geiranger og Hjørundfjorden.

Hurtigbåt

Fjordcruise og lokale båtruter

Bil og leigebil

Alle vegar fører til Nordvestlandet. Mange av vegstrekningane er òg uforgløymelege køyreopplevingar. Du har sikkert høyrt om dei nasjonale turistvegane Trollstigen–Geiranger og Atlanterhavsvegen. Sjå også andre råe køyreopplevingar i artiklane Norges råeste bilturer og Vinteropne vegar og attraksjonar i Møre og Romsdal.

Hovudvegar frå Oslo: Følg E6 frå Oslo, deretter kan du ta E136 mot Åndalsnes, Molde og Ålesund eller du kan køyreav litt før på Rv. 15 mot Stryn viss du skal til Geiranger, Sunnmørsalpane eller Runde.

Hovudveg frå Bergen: Følg E39 som går gjennom heile Nordvestlandet med avstikkarar til alle sentrale attraksjonar og stader.

Hovudveg frå Trondheim: Følg E39. Ein alternativ veg er E6 til Oppdal, og deretter Rv70 til Sunndalsøra.

Nyttige lenker

Leigebil på Nordvestlandet

Mange attraksjonar er vanskelege å nå med kollektivtransport aleine. Leigebil er tilgjengeleg i Ålesund, Geiranger, ved flyplassen mellom Volda og Ørsta, Hareid, Ulsteinvik, Molde, Kristiansund og Åndalsnes.

Trafikkinformasjon

Statens vegvesen gir trafikkoppdateringar i sanntid for heile landet.

Last ned appen i App Store eller Google Play.

Fly

Nordvestlandet har fire flyplassar. Ålesund lufthamn Vigra er hovudinngangen til regionen, med flest internasjonale direkteruter og avgangar.

AES – Ålesund lufthavn, Vigra

  • Innan- og utanlandske samband. Om lag 20 minutt frå Ålesund sentrum.
  • Flyselskap: SAS, Norwegian, Widerøe, KLM og WizzAir.
  • Daglege avgangar til Oslo, Bergen og Trondheim.
  • Faste ruter til Amsterdam, Gdansk, Alicante, London og København.
  • Flybussen til Moa og Ålesund sentrum korresponderer med avgangane
  • Det er taxi på flyplassen

Frå Ålesund lufthamn er det ca. 20 min med bil til Ålesund, 1t 45 min til Hjørundfjord (Sæbø), Ulsteinvik og Åndalsnes, 2t til Molde, 2t 20 min til Geiranger og 3t 15 min til Kristiansund med bil.

MOL – Molde lufthavn, Årø

  • Innanlands samband. Om lag 10 minutt frå Molde sentrum.
  • Flyselskap: Norwegian og Widerøe.
  • Daglege avgangar til Oslo og Bergen.
  • Ekspressbussarog lokalbussar stoppar 300 meter frå terminalen, sjekk rutetider på frammr.no og entur.no. Du kjem deg enkelt til Molde, Kristiansund og andre delar av regionen.
  • Det er taxi på flyplassen

Frå Molde lufthamn er det ca. 1t 45 min. med bil til Ålesund, 1 time til Atlanterhavsvegen, Kristiansund og Åndalsnes og 2t 30 min til Geiranger.

KRS – Kristiansund lufthavn, Kvernberget

  • Innanlands samband. Om lag 25 minutt frå Kristiansund sentrum.
  • Flyselskap: SAS, Widerøe.
  • Daglege avgangar til Oslo og Bergen.
  • Det går rutebuss til Kristiansund sentrum som tek ca. 25 minutt, sjekk rutetider på entur.no og frammr.no
  • Rutebuss til sentrum (linje til Dale og Vikan) – stoppar utanfor terminalen, ca. 25 min reisetid.
  • Det er taxi på flyplassen

Frå Kristiansund lufthamn er det med bil ca. 1t 35 min til Sunndal, 1t til Molde, 45 minutt til Atlanterhavsvegen og 1t 45 minutt til Smøla.

HOV – Ørsta/Volda lufthamn, Hovden

  • Innanlands samband. Under 10 minutt til sentruma i Ørsta og Volda.
  • Flyselskap: Widerøe.
  • Daglege avgangar til Oslo, Bergen og Sogndal.
  • Busslinje 340 Ørsta–Volda stoppar ved flyplassen ved flyankomst og -avgang. Reisetid til sentrum 5–10 min. Rutetider på frammr.no og entur.no. Det går også ekspressbussar frå rutestoppet Hovdebakken, berre 650 meter frå flyplassen.

Frå Ørsta-Volda lufthamn er det med bil 30 minutt til Ulsteinvik, Hjørundfjord (Sæbø) og Grodås (Hornindal). Det er 2t 30 minutt til Geiranger, 1t 10 minutt til Ålesund og 1t til Runde.

Planlegg turen din

Bruk Reiseplanleggaren for å finne favorittaktivitetar og sjå avstand og reisetid mellom stader. Reisetida er basert på bil.