Bestill

Her kan du leve fritt og utfroske øyriket Værlandet og Bulandet på din måte - i ditt tempo. Værlandet Havhotell byr på overnatting i moderne arkitektur i eit ope landskap med himmel og hav tett på, og med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten. 

Værlandet Havhotell består av 8 dobbeltrom der seks rom er familierom, og to er handikapvennleg. Begge dei to hotellbygga har spektakulær utsikt over himmel og hav, og alle romma har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord for turen er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie. 

Resepsjonen for hotellet er lokalisert hos Joker Værlandet på ferjekaia på Værlandet. 

OM ROMMA  Romma er innreia med dobbeltsengar og møblar som sikrar deg som gjest eit praktisk og behageleg opphald på Værlandet. Dobbeltsengane er 150 cm breie og bestå av to stk. rammemadrasser som kan koblast ifrå einannen dersom det er ynskje om det. Dette kan avtalast ved bestilling av rom. Det er plassert ei lita sittegruppe med to stk. lette lenestolar og eit lite salongbord. I tillegg til dette er romma innreia med eit lite kjøkkenbord og tre stk. kjøkkenstolar. I alle dobbeltrom som vi kallar for familierom, er det ein krakk inne på det ekstra soverommet som kan brukast som sittemøbel. 

Alle dobbeltrom har eigne bad med dusj, og er utstyr med eit enkelt minikjøkken med to kokeplater, mikroovn og vannkoker. Her finn de enkelt utstyr til matlaging, og servise/bestikk o.l til 4 pers i kvart rom. I tillegg ligg det ein liten rasjon med pulverkaffi, teposer, salt/sukker og liknande i ei kurv på kjøkkenbenken. 

Dobbeltrom (familierom) Seks av romma har eit ekstra soverom med plassbygd familiekøye i størrelsen 120/75 x 200 cm. NB! Hovudsoverommet og ekstrasoverommet deler eit felles bad.

Dobbeltrom (handikaprom) To av romma er handicap/rullestoltilpassa, og har ikkje eit ekstra soverom.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Fra NOK 1900,00

Kontakt

Adresse:
  • Værøyhamnen
  • 6986
  • Askvoll
Telefon:
91 73 03 66
E-post:
post@vaerlandethavhotell.com
Nettside:
www.xn--vrlandethavhotell-rrb.no/

Fasiliteter

WIFI/Internett:

Hvor er Værlandet Havhotell?