Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Naturattraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet ligg ved Sundal i Kvinnherad kommune, og er eit både vakkert og populært turmål. Både vegen hit, vatnet og staden rundt gir gode og uforgløymelege naturopplevingar.

En kvinne og en hund som sitter på en stein foran et vann med ryggen til. I bakgrunnen ser vi breen.
© Ranveig Marie Photography

Idyllisk og ekte

Det er nesten som ein ikkje skulle tru det, men Bondhusvatnet er ekte – sjølv om det nesten ser ut som det er «filter» på linsa. Det turkisblå brevatnet, fjella som ligg rundt, naturen så tett på – det er rett og slett vakkert.

Ta turen til populære Bondhusvatnet

Turen til Bondhusvatnet er ein av dei mest populære i området. For å kome hit må du først til den vakre bygda Sundal, som ligg ca 1 time frå Rosendal, og ca 20 minutt frå Odda i Hardanger. Kjem du i retning frå Rosendal, passerer du vakre Furebergfossen på vegen hit.

Parkering

Ved startpunktet til turen er det parkeringsplass. Parkering kostar 100,- og går til tilrettelegging av staden. Turen opp til vatnet er ei oppleving i seg sjølv. Bondhuselva er godt synleg frå turvegen. Elvevatnet har, som Bondhusvatnet, ein fascinerande farge. Det er ein relativt lett tur, som er godt tilrettelagt.

Nyt turen og inntrykka

Oppe ved Bondhusvatnet er det mest slik at ein berre «må» setje seg ned, ta ein pause, og ta inn alle inntrykka – og sjølvsagt ta bilde! Anten det regnar eller sola skin er dette eit flott motiv!

Bondhus er utgangspunkt også for andre turar, anten kortare eller lengre. Folgefonni Breførarlag tilbyr guida turar, både på breen og på fjorden.

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Folgefonna kryssing - Folgefonni Breførarlag

Folgefonna kryssing - Folgefonni Breførarlag

Folgefonni Breførarlag tar deg med på brevandring over Folgefonna. Opplev ein historiske bretur som tidleg lokka den Europeiske overklassen til Hardangerfjorden.

Bondhusvatnet og Bondhusdalen

Bondhusvatnet og Bondhusdalen

Populær tur inn til Bondhusvatnet. Grusvegen inn til Bondhusvatnet er godt eigna for motorisert rullestol.

Alle aktiviteter tilknyttet Bondhusvatnet

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandSe på kartet

Sundal Camping

Sundal Camping

Sundal Camping ligg ved Maurangerfjorden, med utsikt mot Bondhusbreen og fjorden. Tilbyr hytter, oppstillingsplassar for bubil, vogn og telt, samt sanitærhus, leikeplass og badeplass. Perfekt for fjord- og fjellopplevingar.

Sundal gjestehamn

Sundal gjestehamn

Gjestehamna i Sundal har god plass til store og små båtar. Her har du adgang til peisestove, dusj og toalett.  

Alle overnattingssteder tilknyttet Bondhusvatnet

Kommende arrangementer

Reiseinspirasjon

Rosendal

Rosendal

Den romantiske bygda Rosendal ligg langs Hardangerfjorden i Kvinnherad, Sunnhordland. Her kan du besøke Skandinavia sitt minste slott - Baroniet Rosendal.

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal

Slottet frå 1665 omgjeve av fjord, bre, fjell og foss.

Folgefonna

Folgefonna

Bli med på Norges sørligste isbre og ta del i opplevelser du sent, om aldri, vil glemme!

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement