Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Naturattraksjoner

Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Oppdag eit av verdas eldste steinbrudd, der steinaldermenneska henta material til sine økser gjennom mange tusen år. Sjå korleis istidene forma fjordane og korleis kollisjonen mellom to kontinentalplater skapte verdfulle ressursar for menneska.

Person i strikkegenser og hatt med brem som sit ved eit brevatn i turkise fargar, fjell og snødekte fjellsider, sti og lauvtre på høgre sida av vatnet.
Sunnhordland UNESCO Global Geopark|© Geopark Sunnhordland

Geopark Sunnhordland har status som UNESCO Global Geopark på grunn av ein stor rikdom av geologi og arkeologi som saman gjev eit fascinerende bilete av vår forhistorie både for natur og kultur.

Kvar er UNESCO Geopark Sunnhordland?

Sunnhordland Geopark femner om dei åtte kommunane langs ytre del av den vakre Hardangerfjorden. Frå nakne klipper ved havet er det kort veg til dei majestetiske fjella og breane som kastar lange fossefall ut i blåe fjordar. Her faldar historiane om kontinentas storslegne vekst og fall seg ut, medan fjord og fjell bér imponerande spor etter enorme brears iskalde ferd mot havet. I over 11 000 år har menneske funne levekår i denne regionens rike variasjon av natur, landskap, flora og fauna.
Både E39 og E134 går gjennom Sunnhordland.

Kva er ein UNESCO-geopark?

Ein UNESCO-geopark er ikkje ein inngjerda park, men eit definert geografisk område med eineståande geologisk arv av global verdi. Gjennom ein kombinasjon av ivaretaking, bérekraftig utvikling og deltaking frå lokalsamfunna har geoparkane blitt stadig meir populære. Det finnest 195 UNESCO-geoparkar rundt om i verda, og fire av desse i Noreg.

Kva er UNESCO Geopark Sunnhordland?

Geoparken femner over heile Sunnhordlands areal på 4700 km2, delt av den majestetiske Hardangerfjorden som inviterer til ei reise gjennom jordas historie. Nord for fjorden opnar det seg ei skattekiste av unge, vulkanske bergarter spreidd i eit øyrike, medan det sør for fjorden er eit langt eldre alpint landskap fint forma av 30-40 istider. Sunnhordland Geopark fortél fascinerende historier om skaping av kontinent og samfunn, prega av imponerande fjell og fjordar, isbrear, monumentale fossefall og ein mangfaldig biodiversitet. Ein tur gjennom Geopark Sunnhordland er ein eventyrleg ekspedisjon gjennom natur, kultur og geologi.

Dei første menneska på Vestlandet

For 12000 år sidan vart vestlandskysten fri frå den enorme breen som hadde gøymt landskapet i mange tusen år. Raskt etter kom dei første menneska padlande hit i sine skinnbåtar frå landa lenger sør, kanskje følgde dei gåseplogane som peika nordover på vårhimmelen. Sørvestkysten av Noreg baud på rike ressursar av fisk, fugl og sel, men mangla bergarten flint som nomadane var vant til å lage sine våpen og redskap av der dei kom frå.

Lokale alternativ måtte finnast for å kunne leve her, og i det området me i dag kallar Sunnhordland fann nomadane eit godt alternativ til flint på øya Hespriholmen heilt ute mot havet. I seks årtusen deretter henta menneska på Sørvestlandet sine økseemne av grønstein ute på Hespriholmen, og i dag er denne vesle øya heilt i havkanten eit unikt, intakt kulturminne og ei av verdas eldste gruver.

Skattane i UNESCO Geopark Sunnhordland

I besøkssentra Moster Amfi, Folgefonnsenteret og Sunnhordland Museum blir geologi, natur og historie formidla gjennom utstillingar og kunnskapsrikt vertskap. Geoturkartet viser deg til utvalde geologiske- og kulturelle nøkkelstader, og på nettsida til geoparken finn du utvalde partnarar for overnatting, mat og opplevingar. Du finn Geoturkarta hos UNESCO Geopark Sunnhordland sine besøkssentra og partnarar. Kontakt gjerne UNESCO Geopark Sunnhordland direkte for råd, guida turar og geofagleg informasjon

Et merkeikon

Topp-attraksjonar i Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Utforsk attraksjonar og stader i Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Vinter på Bekkjarvik Gjestgiveri

Bekkjarvik

Bekkjarvik ligg på øyperla Austevoll sør for Bergen. I Bekkjarvik ligg og ærverdige Bekkjarvik Gjestgiveri som vart bygd på 1600-talet. Her har dei tatt imot gjester i over tre hundre år!

Rødt og hvitt fyr på holme ved havet, solnedgang i havet.

Bømlo

Med hav og tusen øyar er Bømlo eit eldorado for båtliv og fiske. Her er idylliske fiskevær og handelsstader, og unike historiske plassar som Moster og gullgruvene på Lykling

Mann og dame ombord i fjordcruise på Åkrafjorden i Etne.

Åkrafjorden og Langfoss

Åkrafjorden er en skjult perle på Vestlandet, perfekt for fjordopplevelser. Kun 1,5 time fra Haugesund og snaut 2 timer fra Stord venter natur, aktiviteter og uforglemmelige opplevelser!

Båter i gjesthavn, vei gjennom grønt landskap ved sjø

Fitjar

Med eit mylder av øyar og skjer er Fitjarøyane ei kystperle for eventyrlystne sjøpadlarar, fiskarar og båtturistar.

Rosendal

Den romantiske bygda Rosendal ligg langs Hardangerfjorden i Kvinnherad, Sunnhordland. Her kan du besøke Skandinavia sitt minste slott - Baroniet Rosendal.

En kvinne og en hund som sitter på en stein foran et vann med ryggen til. I bakgrunnen ser vi breen.

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet ligg ved Sundal i Kvinnherad kommune, og er eit både vakkert og populært turmål. Både vegen hit, vatnet og staden rundt gir gode og uforgløymelege naturopplevingar.

Hus og naust rundt vik, båter på sjøen, flytebrygge.

Moster

Havet og kystleia har vore viktig som næringsgrunnlag, men og for handel, maktspel og nye impulsar frå det store utland. Midt i kystleia på Vestlandet ligg Moster med den lune, trygge hamna Mosterhamn. Store vikingkongar har vore i land her og sett avgjerande nasjonalhistoriske spor etter seg.

Se alle attraksjoner i Sunnhordland

Besøkssentra i Geopark Sunnhordland

Moster Amfi

Moster Amfi

Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland.

Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.

Sunnhordlandstunet - Stord - Sunnhordland Museum

Sunnhordlandstunet - Stord - Sunnhordland Museum

Sunnhordlandstunet ligg i gåavstand til Leirvik sentrum. Utstillingar og museumstun med kulturhistoriske bygningar frå Sunnhordland, passar for heile familien.

Tur til Brandasundsåto

Tur til Brandasundsåto

Brandasund har ei lang historie som handels- og gjestgjevarstad. Denne turen går på sti med svak stigning der du kjem til eit flott utsiktspunkt mot havet.

Topptur til Siggjo

Topptur til Siggjo

Eit fantastisk utsiktspunkt – og eit spennande geologisk område. Ein lett tilgjengeleg topptur som tek om lag ein time opp.

Via Ferrata Kyrkjeveggen

Via Ferrata Kyrkjeveggen

Via Ferrata Kyrkjeveggen er kanskje en av Norges tøffeste? Ruta er ca 900 meter lang, og du blir belønnet med nydelig utsikt over Åkrafjorden på klatreturen.

Osternes festning – tur i historiske omgjevnader

Osternes festning – tur i historiske omgjevnader

Bli med på ei vandring i både natur og historie! Osternes festning ligg vakkert til ved Selbjørnsfjorden i Fitjar og tek deg med tilbake til andre verdskrigen. Her ventar gamle kanonstillingar, bunkerar og utsikt over øyriket i vest – ein tur som passar for både store og små.

Skjergardsturen 138 km

Skjergardsturen 138 km

Sykkeltur i variert kystlandskap langs asfaltert veg med høvesvis liten biltrafikk. Skjergardsturen har ein ferjetur, og du kan også kombinere med snøggbåt!

Leie av SUP i Åkrafjorden

Leie av SUP i Åkrafjorden

Hos Åkrafjorden Nature kan du leie SUP-brett, flytevest er inkludert. Brettene er designet av «Saltråk» på Karmøy, og er oppblåsbare SUP-brett av høy kvalitet.

Sykkelutleige Fitjar

Sykkelutleige Fitjar

Du kan leige sykkel på Fitjar og oppdage dei flotte omgjevnadene.

Utstillinga "Steinriket Bømlo"

Utstillinga "Steinriket Bømlo"

Interessant utstilling i tunnelen i Moster Amfi. I tillegg til denne utstillinga er det og historiske lokalitetar på Bømlo som er mulig å oppleve når du vil.

Rimsvarden gravrøys

Rimsvarden gravrøys

Gravrøysa ligg høgt og fritt med fantastisk utsyn over Fitjarbygda og øyane. Dette er eit av dei største forhistoriske gravminna som finns i Hordaland.

Alle aktiviteter tilknyttet Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandSe på kartet

Sov godt og kjenn smaken av Sunnhordland

Smaken av Sunnhordland får du hos dei berekraft-sertifiserte samarbeidspartnarane til geoparken. Dei har kunnskap om landskapet, historia, varmt vertskap og gode senger.

Stord Hotell

Stord Hotell

Stord Hotell er eit fullservicehotell som ligg i hjarta av Sunnhordland - midt mellom Bergen og Stavanger.

Haaheim Gaard

Haaheim Gaard

Velkommen til historiske Haaheim Gaard på Tysnes. Eit hotell som byr på ein særeigen og personleg atmosfære, og gode måltider med sesongbaserte råvarer.

Bekkjarvik Gjestgiveri

Bekkjarvik Gjestgiveri

Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites ligger i havnen i idylliske Bekkjarvik i Austevoll en kort tur med hurtigbåt fra Bergen eller 1,5t biltur fra Bergen.

Rosendal Fjordhotel Båthamn

Rosendal Fjordhotel Båthamn

Gjestehavna ligg flott til ved hotellet. Her er det fin badestrand.

Fjordtun Bømlo

Fjordtun Bømlo

Fjordtun er eit ekte paradis for fiske og avslapping på Bømlo. Her kan du oppleve kystlivet og nyte eit opphald i moderne rorbuer.

Kråko gjestetun

Kråko gjestetun

Kråko Gjestetun ligg flott til nær sjøen. Her er det opparbeidd gode tilhøve for campingturistar både i telt, campingvogner og bubilar.

Åkrafjorden Nature B&B AS

Åkrafjorden Nature B&B AS

Åkrafjorden Nature har koselige rom med felles dusj og toalett. De tilbyr Via Ferrata, fjellturer og juving - det perfekte utgangspunkt for en aktiv ferie!

Kulleseidkanalen gjestehamn

Kulleseidkanalen gjestehamn

Vakn opp til ei lun og triveleg hamn, omgjeven av flott natur - midt i øyriket. Her kan du legge til kai på ein av dei 40 båtplassane med naturen tett ved.

Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus

Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus

Bu på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus, rett ved Rosendal Have. Romantisk overnatting med frukost i historiske og landlege omgjevnader.

Stormhyttene på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Gullvegen Gardstun

Ta orkesterplass når naturen spelar opp til dans.

Langevåg gjestehamn v/Bømlo Båtlag

Langevåg gjestehamn v/Bømlo Båtlag

Bømlo Båtlag ligg i tilknyting til Langevåg Gjestehamn. 7 gjesteplassar. Her er det hamnevertar kvar sommar.

Alle overnattingssteder tilknyttet Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Kommende arrangementer

Sunnhordland UNESCO Global Geopark i SoMe

  • Facebook

    Geopark Sunnhordland

  • Instagram

    Geopark Sunnhordland

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement