Dette er haustens reisemål

Hausten er ei tid for å senke tempoet, nyte fargane og kjenne den klare lufta i kinnet. Korleis kjennes hausten ut for deg? Kanskje som eit eventyr i fjella, ei smakfull oppleving av lokalmat, eller stille dagar ved kysten. Fjordkysten og Sunnfjord er eit reisemål som gjer rom for alt dette – og meir til.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Utforsk FjordKysten og Sunnfjord i haust

Turar i fjella

Oransje, raud, grøn, brun, gul; naturen er på sitt vakraste om hausten. Fjellområda er spesielt vakre på denne tida av året, og mange nordmenn går på fjelltur eller i skogen om hausten. I FjordKysten og Sunnfjord er det eit rikt utval i varierte lengder og høgdeprofil, så det skal godt gjerast å ikkje finne ein tur heilt etter din smak.

en jente går langs en sti i naturen. ho har på seg svarte klede og eit blått pannebånd. det er høstlige farger i naturen med oransje gras. det er høge fjell i bakgrunnen med snø på toppene
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Stormjakt

Med hausten melde også stormane sin ankomst. Regionen er det mest stormfulle området i Sør-Norge, og det byr på spektakulære naturopplevingar. Å sjå bølgane slå mot land frå eit utsiktspunkt i havgapet er eit fasinerande syn, og kler du deg godt er det ei oppleving å gå ut og kjenne på naturkreftane.

I Solund, Hyllestad og i Bulandet finn du stormløypser der du kan få ei unik stormoppleving frå utkikkspunkt. Når du treng ein pause frå ruskevêret kan du besøke lokale galleri og museum. Eller kva med ein saunaoppleving?

Haustkos

Det å bu godt er ein del av opplevinga. Kryp under eit teppe, nyt varm drikke i koppen og sjå både solnedgang eller ruskevêir gjennom glaset. i FjordKysten og Sunnfjord finn du overnatting for ein kvar smak.

Gjer di overnatting til ei oppleving

Kom tett på naturen i spektakulære overnattingstader i FjordKysten og Sunnfjord. Finn meir inspirasjon her