Er du klar for di neste store oppleving?

Fjordkysten og Sunnfjord inviterer deg til å utforske landets mest spennande region

Kjøsnesfjorden
Kjøsnesfjorden|© Lillian Herland

«Pakk sekken, og kjenn på energien du får når du tek det første steget – på veg til eit nytt reisemål.»

Visit FjordKysten og Sunnfjord

Vi trur at ein kvar omveg kan føre deg til det neste store – ei overrasking eller ei uventa oppleving! Ei inspirerande historie. Fine folk!

Vi viser deg vegen til øyrika i vest - ved kanten av storhavet. Til stupbratte fjell med stålblanke brear, til djupe blå fjordar og utemma fossar. Til speilblanke, mystiske vatn, der auren leikar og til historiske attraksjonar og eit mangfaldig kulturliv.

Dra på forskarferd og oppdag ein ny stad

FjordKysten og Sunnfjord er eit sceneri som samlar ingrediensane for ekte magi! Våre vegar fører deg akkurat hit.