Hopp til hovedinnhold

Fjordkysten og Sunnfjord er staden for dei gode ferieopplevingane. Kombinasjonen av bre og fjell, fjord, kyst og fossefall gir deg heilt unike naturopplevingar.

Her finn du dalar som snor seg innover, bortover, oppover, hitover og ditover. Her er det flotte store og små vatn med den beste auren, fantastiske elvar og fossefall.

Dei blåaste breane og dei finaste fjella finn du i Fjordkysten og Sunnfjord
© Lillian Herland

Fjella og dalane har fjellsider og fjellryggar i alle himmelretningar og av alle slags brattheit. Sommarstid er eit eventyr å vandre eller springe

Fjordkysten og Sunnfjord frå sykkelsetet

Å sykle i Fjordkysten og Sunnfjord byr på mange gode opplevingar. Frå sykkelsetet kjem du tett på idyllisk vestlandsnatur og eit variert landskap. Her syklar du frå fjord til fjell, frå skog til opne marker, forbi vatn og ut mot kysten på berre nokre kilometer.

Rutene går for det meste langs lite trafikkerte vegar, og du kan såleis sykle i ro og fred. Bli inspirert til din neste sykkelferie.

Eit eldorado for vandreturar

I Fjordkysten og Sunnfjord finn du eit av dei aller flottaste kyst- og fjordlandskapa i verda, og er du glad i å bruke beina, byr fjella på mange varierte turopplevingar til fots. Langs heile regionen er det eit rikt utval av fotturar i varierte lengder og høgdeprofil, så det skal godt gjerast å ikkje finne ein ny favoritt heilt etter din smak.

Ta med deg familien og vener på ein av dei tilrettelagde naturstiane, eller gå laus på dei meir krevjande fjelltoppane. Du finn også ei rekkje spektakulære fossefall i Sunnfjord: Kva med å dra på fossevandring?

Kysten gir deg spektakulære fjelltoppar som stig rett opp frå havet. Vandre langs Nordsjøløypa, eller bestig dei høgste toppane som Alden, Den Norske hest, eller majestetiske Lihesten.

Det vakre Jølstravatnet er omkransa av majestetiske fjell med ei rekkje flotte område å gå på tur. Vel du Skei i Jølster som utgangspunkt, finn du eit vandreeldorado av dei sjeldne der Kleivafjellet, Håheimsfjellet, Nyken, Orkja og Bolsetnipa ligg som perler på ei snor og berre ventar på deg.

Ønskjer du gå tur i meir bynære strok, så er det eit godt alternativ å ta turen til Hafstadfjellet frå Førde, Brandsøyåsen frå Florø eller Veten frå Måløy. Her går du på fine tilrettelagte stiar, om enn noko bratt i enkelte parti. Sandfjellet kan ein også vandre til både frå Førde og Naustdal.

Fjellklatring i Nikolai Astrups rike

Det er nok ikkje tilfeldig at ein av Norges største kunstnarar kjem frå Sunnfjord.

Astruptunet, heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880 – 1928), ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet. Med slik vakre omgjevnader på heimstaden, er det lett å skjønne kor inspirasjonen kom frå.

Kanskje var det slik at kunstnaren Nikolai Astrup allereie i 1906 såg potensiale for ei klatrerute i sitt kjende måleri, Kollen? Litt fengslande er i alle fall denne tanken når ein klatrar opp ruta som har fått namnet Astrupegga.

Turen startar på Kjøsnes, ytst i den majestetiske Kjøsnesfjorden, og utsikta opnar seg raskt mot Jølstravatnet.

Sjølve klatringa er på sju taulengder, totalt omslag 280 meter, og det vanskelegaste punktet på 4- på ein skala frå 1 til 9. Det meste av klatringa er enkel og på denne turen handlar det om å meistre fjellet og oppleve storslått natur.

Sjølve bonusen får du likevel ikkje før du når toppen, der du får nyte eit av dei mest praktfulle utsyna Jølster kan by på

Brevandring på Haugabreen

Lyst å gjere noko heilt spesielt? Ta deg ein dagstur på glinsande iskrystallar!

Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Du kan også sjå Jostedalsbreen, som faktisk er den største breen på det Europeiske fastlandet, frå E39 i Kjøsnesfjorden.

For å kome til Haugabreen køyrer du gjennom eit fantastisk landskap til Stardalen i Jølster. Her møter du ein erfaren guide som står klar til å gi deg ei trygg brevandring. På turen inn mot breen får du høyre om breen si rolle i utforminga av landskapet og om lokal brehistorie. Ved brefoten er det så på med hjelm, stegjern, isøks og tau før vandringa tar til.

© Bre og Fjell AS

Prøv fiskelykka

Fjordkysten og Sunnfjord er eit eldorado for sports- og hobbyfiskarar. Her kan du fiske både i sjø, hav, elv og vatn.

Omgitt av ope hav og fjordar i Norges vakraste skjergard er forholda perfekte for sjøfiske året rundt. Her finn du hytter, rorbuer og sjøhus som har lagt forholda spesielt til rette for fiskeferiar. Desse ligg ved sjøen og har tilgang til gode båtar og fasilitetar for preparering og oppbevaring av fangsten. Fiske med stang og handsnøre i sjøen er fritt for alle, og her kan du få dei fleste fiskeartar som finst i sjøen i Norge.

Flekke- og Guddalsvassdraget i Fjaler strekker seg om lag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal og har god bestand av laks og sjøaure.

Eit av Europas beste fiskevatn

Jølstravatnet er eit av Norges beste fiskevatn, og her er det mogleg å fiske med stang heile året. Er du aurefiskar, skal du leite lenge etter meir bitevillig aure enn her. Hugs fiskekort for å fiske i elv eller vatn! Fiskekort kan ein óg kjøpe hjå turistvertar, butikkar og bensinstasjonar.

Jølvassbu Camping finn du ved elva Jølstra. Dette er eit ideelt utgangspunkt for fiskeinteresserte.

© Lillian Herland

Sjå digitalt fiskekart med rundt 80 av dei beste fiskeplassane i Jølster

Nausta

Nausta er kjent som ei av landets beste lakseelvar og finaste vassdrag, og har utløpet sitt i Førdefjorden. Ho er lakseførande i 12 kilometer. Elva renn gjennom eit jordbruksområde, og er omkransa av ein variert og fin natur. Ho er ei typisk flomelv, der vasstanden kan variere mykje på kort tid.

Nausta er kjent som ei spennande elv for einhands flugefiske, med mange varierte og gode fiskeplassar over heile elva.

Nausta er kjent som ei av landets beste lakseelvar og har utløpet sitt i Førdefjorden|© Visit FjordKysten

Når vegen er målet

Om vegen er målet, er vegen over Gaularfjellet eit absolutt must. Vegen strekk seg langs fjorden, snirklar seg opp fjell og dusjar seg langs brusande fossefall.

© Lillian Herland

Vegen går langs ein arm av den lengste fjorden i verda, Sognefjorden, før den smyg seg opp dei bratte dalsidene mot fjellet. Vegen vidare følgjer det verna Gaularvassdraget som er kjent for sine mange fossefall, men som også har stryk og rolege fjellvatn.

Langs delar av vassdraget er det bygd ein eigen fossesti for å gjere dei sjåverdige partia meir tilgjengeleg.

Fossestien følgjer gamle stiar opptrakka av dyr og menneske. På strekninga er det heile fjorten større fossar og sju vatn.

Gaularfjellet er ein godt beart løyndom for dei fleste, men for alle som har oppdaga vegen står den fram som noko heilt spesielt

Eit historisk tilbakeblikk

Historia er viktig for oss menneske. Den fortel oss om levesett til enkeltmenneske, lokalsamfunn og nasjonar, og korleis dette har påverka oss som lever her i dag.

Fjordkysten og Sunnfjord har eit mangfald av historiske attraksjonar, frå Gulatinget i Gulen, ei av dei eldste og største tingsamlingane i Norden frå mellomalderen, til levande industrihistorie ved Helle Fabrikker i Holmedal. Og det er ikkje berre dei historiske attraksjonane som fasinerer oss, men også det vakre landskapet, med fjord, fjell og ei kystlinje der øyane ligg som perlar på ei snor. Her står dei historiske opplevingane i kø!

Sov godt i Fjordkysten og Sunnfjord

I Fjordkysten og Sunnfjord kan du overnatte på alt frå moderne hotell, komfortable hytter, spektakulære overnattingar og campingplassar til historiske gardsovernattingar. Søk etter overnatting i Fjordkysten og Sunnfjord her.

Velkomen til fagre Fjordkysten og Sunnfjord

Vi trur du også vil like