Hopp til hovedinnhold

Kjenn naturkreftene på nært hald frå Sunnfjords vakraste fossar.

Huldefossen

Huldefossen heng vakkert over som naturens sceneteppe og er ein av dei mest fotograferte fossane i Fjord Norge. Fossen har eit spektakulært fall på 92 meter og har ein sterk vasskraft. På grunn av det breie, flate vassfallet og hyllene nedover i fossen har Huldefossen alltid vassrøyk rundt seg.

Huldefossen|© Visit FjordKysten

Hovefossen

Ein tur inn i Naustedalen vil du ikkje angre på. Her kan du besøke vakre Hovefossen, så klår og vakker. Fossen er ein populær fiskeplass, og i sjølve fossen er det laksetrapp som blei bygd i 1975. På denne måten kunne Anadrom fisk passere Hovefossen og gå vidare åtte kilometer oppover til Kallandsfossen. Valdet ligg i eit naturleg avskjerma området i spennande, intens og utfordrande natur med fosser, høler, stryk og stillare område.

Hovefossen |© Visit FjordKysten

Likholefossen

Gaularvassdraget er kraftfullt og vilt, og ein tur til den spenstige stålbrua over Likholefossen gjev deg nærkontakt med krafta i fossen, spesielt når vassføringa er stort. Frå brua kan du vandre vidare på Fossestien langs dei verna vassdraga.

© Tonje Tjernet / Statens vegvesen

Naustdalfossen

Nausta er ei ettertrakta elv for sportsfiske etter laks og sjøørret. Den store laks- og sjøørretførende strekninga er 12,4 kilometer. På denne strekninga er det to fossar, Naustdalfossen og Hovefossen.

© Visit FjordKysten

Osfossen

Osfossen er blant dei mest kjende fossane i Gaularvassdraget og er den siste fossen i Gaula før elva løpe ut i Dalsfjorden. Denne fossen er ein sikker stad for å kunne få laks på kroken. Dette er også ein fin plass å lære seg flugefiske.

© Visit FjordKysten

Styggelifossen

Styggelifossen lev så absolutt ikkje opp til namnet sitt. Fossen er ein kraftig foss med eit fall på 115 meter, og ved juvet vil du få spektakulær nærkontakt med dei kraftige naturkreftene. Turen ned til juvet tek ca. 2 timar i vått terreng. Du må også beregne litt klatring på vegen ned. Det er mogleg å få guida turar til Styggelifossen.

Styggelifossen|© Visit FjordKysten

Vallestadfossen

Den mektige Vallestadfossen har eit fall på 90 meter og ligg i Råheimsdalen, langs riksveg 13. Fossen er ein av dei mest kjente fossane i Gaularvassdraget, og fossekraften har tidligare vert nytta til kverner, sagbruk og kraftverk. No ligg det eit minikraftverk i fossen.

© Lillian Herland

Bli inspirert til di reise i FjordKysten og Sunnfjord

FjordKysten og Sunnfjord er fylt med spektakulære opplevingar. Vi trur du også vil like desse