Bestill

Ta turen til Solund Leilighetshotell - og nyt den fantastiske utsikta frå hotellet! Vi gir deg ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag. Her kan du nyte god mat og vandre i eit vakkert kystlandskap!

Solund Leilighetshotell ligg i sentrum på Hardbakke i Solund. Hotellet er nyoppussa i 2009. Her finn du 12 flotte leilegheiter med eige kjøkken, spiseplass og stovedel. Alle leileghetene har eige bad med dusj, TV med parabol, fri tilgang til trådlaust internett. Bestill ditt opphald på Solund Leiligheitshotell her: www.solund.com/booking. Solund Leilighetshotell har kort veg til det meste av aktivitetar og tilbod:  -  kajakkpadling i skjergarden - sykling - fiske - Øyhopping Solund, Værlandet og Bulandet - Fyrsafari til det vestlegaste fyret i landet, Utvær fyr.

SKAFFERIET MAT OG DRIKKE

I samme bygg som Solund leiligheitshotell finn du Skafferiet Mat og Drikke. På menyen finn du spennande matrettar som klippfiskpizza, villsau og sjømat i mange variantar. Menyen byr på variert mat med fokus på bruk av lokale oppskrifter og lokale råvarer. I tillegg til matservering lagar dei kreative kokkane ulike produkt til eigne matrettar som ein kan kjøpe med seg. Kva med å prøve trøffeltangolje, granskuddpesto, taresalt eller knekkebrød med blæretang? Frå uteserveringa er det flott utsikt over kommunesenteret Hardbakke, det yrande båtlivet i hamna og det særeigne landskapet i Solund. 



 

 

    Kontakt

    Adresse:
    • 6924 Hardbakke
    Telefon:
    911 89 822
    E-post:
    post@solund.com
    Nettside:
    www.solund.com

    Fasiliteter

    WIFI/Internett:
    Kjøkken:
    Bagasjeoppbevaring:

    Hvor er Solund Leilighetshotell?