Hopp til hovedinnhold

UNESCO Verdsarv

Geirangerfjorden er ei arm av eit større fjordsystem som strekker seg heilt ut til Ålesund. Geirangerfjorden er 260 meter på det djupaste, mens dei bratte fjella rundt er opp til 1600-1700 meter over havet.

Saman med Nærøyfjorden, representerer Geirangerfjorden og området rundt, det vestnorske fjordlandskapet på den eksklusive verdsarvlista til UNESCO. Årsaka til at Geirangerfjorden er på denne lista, er det eksepsjonelle naturlandskapet med fossar, bratte fjell, spesielle naturfenomen og dyreliv både på land og under vatn. Dette unike landskapet er viktig å ta vare på for ettertida, og store delar av området er difor verna.

Den beste måten å se fjorden på er fra en båt!|© Fred Jonny Hammerø / Møre og Romsdal fylke

Langs fjorden kan ein sjå spor av gardar høgt oppe i dei bratte fjellsidene. Alle gardane er fråflytta, men mange er restaurert, og er viktige kulturminne som fortel om korleis det var å leve her. Frå bygda Geiranger kan ein ta båt ut til Skagehola og gå den bratte stien opp til Skageflå som er den mest kjende av gardane. Her får du ei makelaus utsikt til fjorden og dei mange fossefalla. Den mest kjende fossen er «De syv søstre».

De syv søstre og Knivsflå.|© Lars Korvald

Geirangerfjorden året rundt

Alle fire årstider har sin unike karakter. Frå sildrande bekkar og blomstrande frukttre om våren, til brølande fossefall og grønkledde fjellsider om sommaren. Når hausten kjem og fargar fjellsidene i oransje, gult og raudt skiftar fjorden lynne, og blir nesten litt rolegare. Om vinteren så får vi det vakre blå fjordlyset ned mellom snødekte fjelltoppar til bygda der solstrålane knapt når ned midtvinters. Det blir sjeldan særleg kaldt så nær kysten, så det kan ofte vere nesten grønt nede ved fjorden, mens ein kan gå på ski eller truger oppe på fjellet.

Kva kan ein gjere?

Norsk Fjordsenter er eit besøkssenter for verdsarven og her kan du lære om det unike fjordlandskapet. Senteret ligg midt i Fosseråsa som er Noregs første nasjonale turiststi. Fosseråsa startar nede ved fjorden, slynger seg opp langs elva og opp til Storsæterfossen som du faktisk kan gå bak. I tillegg kan du dra på fjordsafari med RIB-båt, du kan leige el-sykkel eller e-bil, teste grensene dine med å suse nedover på zip-line, eller berre ta ei spa-behandling, nyte god lokal mat og drikke. Kva med ein sjokoladebit produsert i Geiranger?

Korleis kome seg hit?

Vegen til Geiranger frå Ålesund er open heile året. Du kan ta ferja frå Linge til Eidsdal og følge Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen ned hårnålssvingane på Ørnevegen til Geiranger nede ved fjorden. Du kan også ta ferja frå Hellesylt til Geiranger heile året. Vegen over Grotli frå Lom eller Stryn er vinterstengd. Du kan også ta eit fjordcruise frå Ålesund heile året til Geiranger.

Related articles